Tysnes sparebank cup 2017

Under finn du invitasjon og info om årets Tysnes sparebank cup !

TYSNES SPAREBANK CUP 2017

GATECUP FOR VAKSNE

PÅ REISO GRAS OG KUNSTGRAS

30.JUNI – 2.JULI 2017

ARR.: NJARDAR/TYSNES

PÅMELDINGSFRIST: 12.06.17

 

GENERELT OM CUPEN:

Njardar/Tysnes inviterer i år til den 21. ”gatecupen” på rad.

 

Tysnes Sparebank Cup 2017 er for alle f.o.m. 15 år og oppover som har lyst å spela fotball.

Njardar/Tysnes ynskjer på denne måten å aktivisera både fastbuande og ferierande til ei ”uhøgtidleg” og sosial fotballhelg, utan for mykje alvor!

Tilbodet er først og fremst for dei som til vanleg ikkje spelar organisert fotball.

Dersom DU har lyst å spela fotball, få med deg vener/slektningar/naboar og meld ”dåke” på i ein av klassane nedanfor.

 

KLASSEINNDELING:

 

Klasse 1 – 7’ar fotball

”Lettbeinte menn” – inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

 

Klasse 2 – 7’ar fotball

”Sårbeinte menn” – ingen aktive på laga, uansett nivå.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 7 innbyttarar)

 

Klasse 3 – 7’ar fotball

”Stivbeinte menn” – frå og med 40 år og oppover.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 7 innbyttarar)

Klasse 4 – 5’ar fotball

”Lettbeinte damer” – inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.

(1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar)

 

Klasse 5 – 5’ar fotball

”Sårbeinte damer” – ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg

(1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)
DEFINISJON AV AKTIVE:

Med aktive i klasse 1 meiner me alle spelarar som har spelt seriekampar f.o.m. 5 div. og høgare i 2017.

I klasse 2 og 5 kan det ikkje vera med aktive, uansett nivå, dvs. ingen som har spelt seriekampar i 2017, alt frå aldersbestemt fotball t.o.m seniorfotball.

Med aktive i klasse 4 meiner me alle som har spelt seriekampar i 2017, alt frå aldersbestemt fotball t.o.m seniorfotball.

Spelarar f.o.m 40 år og oppover vert ikkje rekna som aktive, uansett klasse.

Dei som er aktive i klasse 1 og 4 skal merkast av på lagoppstillinga.

 

NB! Ein spelar kan kun delta på eitt lag.

Elles NFF’s vanlege reglar for 7-ar fotball, men keeper får ikkje lov å kasta/sparka ballen over midtbanen når han/ho har ballen i fast grep eller etter «dødball».

NB! Hugs leggskinn

  • spelarar som evt. ikkje nyttar leggskinn kan bli vist bort frå banen og kan først koma innpå igjen når dette er retta opp
  • dei som evt. ikkje nyttar leggskinn gjer dette på eige ansvar i høve til evt. skader

 

KAMPAVVIKLING:

Innleiande rundar fredag kveld og laurdag. Sluttspel vert søndag ettermiddag.

Det vert i utgangspunktet 4 lag i puljene og spelt serie i innleiande rundar, dvs. min. 3 kampar på kvart lag. Dei beste laga i kvar klasse går vidare til sluttspelet. Sluttspelet vert arrangert som cup. Ved uavgjort resultat i sluttspelet vert kampane avgjort med straffekonkurranse.

 

SPELETID:

2 X 13 minutt pr. kamp.

Oppmøte med registrering i sekretæriatet min. ein halv time før kampstart.

 

KAMPOPPSETT:

Kampoppsett vert sendt til kvart lag ved kontaktpersonen og kunngjort på www.njardar.no.

NB!! Hugs namn på laget, klasse, adresse, tlf.nr. – epost til kontaktpersonen ved påmelding!

 

DOMMARAR:

Njardar/Tysnes sine medlemer/spelarar/dommarar + innleigde dommarar.

 

JURY:

Det vil verta oppretta ein jury. Evt. protestar må leverast skriftleg til sekretæriatet min. 1 time etter at kampen er ferdig. Protestgebyr kr. 200,- (vert refundert dersom protesten vert teken til følgje).

 

CAMPING:

Det vil bli lagt til rette for camping (telt) i nærleiken av klubbhuset med adgang til garderober.

Gje beskjed ved påmelding dersom lag ynskjer camping, jfr. påmeldingsskjema nedanfor.

 

ARRANGØR:

Njardar/Tysnes ved cupnemnda.

Det vert oppretta sekretæriat i klubbhuset med resultatservice.

Kiosk-sal m/kaffi, vafler, pølser, is og brus.

Oppdatering av resultater via ”nettet” på www.njardar.no .

 

PREMIAR:

Premie til dei 4 beste laga i kvar klasse.

Lagpremie og premie til kvar spelar for dei to beste laga i kvar klasse. Lagpremie til tredjeplassane, dvs tapande semifinalister.

Fair Play pris (gjeld felles for alle klassar).

Premieutdeling etter finalane søndag ettermiddag.

 

 

 

NB!!!! Lag som nyttar meir enn 2 aktive i klasse 1 og 4 vert diskvalifisert!!

            All bruk av alkohol inne på området er forbode!

            Spelarar som nyt alkohol vil bli diskvalifisert!

PÅMELDINGSFRIST OG BETALING:

 

Påmelding til post@njardar.no     innan 12.06.17.

 

 

Påmeldingsavgift: kr. 1.100,- pr. lag i klasse 1-3

  1. 800,- pr. lag i klasse 4-5.

 

Påmeldingsavgifta skal betalast til:

Tysnes Sparebank Cup 2017

v/Tore Økland

5680 Tysnes

Bankkontonr.: 3525.40.49032

 

NB! Påmeldingsavgifta skal vera betalt innan 12.06.17.

 

PÅMELDINGSSKJEMA TIL TYSNES SPAREBANK CUP 2017:

 

Lagets namn:____________________________________________________

 

Klasse:_________________________________________________________

 

Kontaktperson:___________________________________________________

 

Ynskjer camping: ___________Antal telt______________________________

 

Tlf.nr./e-mail:____________________________________________________

 

 

 

 

 

 

www.tysnes-sparebank.no

 

tlf. 53 43 03 00

telefaks 53 43 03 50

 

 

Print Friendly, PDF & Email