Tysnes Kraftlag romjulscup 2016

Njardar/Tysnes inviterer til romjulscup i Tysneshallen
Tirsdag 27.des. frå kl 1700
Senior menn og damer

Påmelding til thomashagennet@hotmail.com innan 14.desmber.Fullstendig invitasjon med reglement finn du under les meir.

TYSNES KRAFTLAG CUP 2016 

ROMJULSCUP I TYSNESHALLEN 

Tirsdag 27. Desember

Påmeldingsfrist: 14.desember

Njardar/Tysnes inviterer til romjulscup i Tysneshallen.
Njardar/Tysnes ynskjer på denne måten å aktivisera både fastbuande og ferierande til ein “uhøgtidleg” og sosial fotballcup innandørs, utan for mykje alvor! Dersom DU har lyst å spela fotball, få med deg vener/slektningar/naboar og meld dåke på i ein av klassane nedanfor.

Tidspunkt:

Ved lite påmelding i seniorklassane for menn, kan desse klassane bli slått saman til ein klasse. Endeleg kamptidspunkt kjem i kampoppsettet.

KLASSEINNDELINGAR: 
Klasse 1
“Lettbeinte menn” f.o.m. 15 år og oppover (fødd i 2001 – )

– inntil 2 aktive pr. lag der begge kan vera på banen samtidig
Klasse 2
“Sårbeinte menn” f.o.m. 15 år og oppover (fødd i 2001 – )

– ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg
Klasse 3
“Lettbeinte damer” f.o.m. 15 år og oppover (fødd i 2001 – )

– ingen bergensningar på aktive

TURNERINGSREGLEMENT
DEFINISJON AV AKTIVE I KLASSANE 1 – 2:
Med aktive i klasse 1 meiner me spelarar som har spelt seriekampar f.o.m. 5.divisjon og høgare i sesongen 2015. I tillegg vert dei som spelar i futsal-serie rekna som aktive.
I klasse 2 er det ikkje høve til å nytta spelarar som har spelt seriekampar og futsal i 2015, uansett nivå. Spelarar f.o.m 40 år og oppover vert ikkje rekna som aktive i klasse 1-2.

Ein spelar kan kun delta på eitt lag.ÂÂÂ
Legitimasjon må kunna framleggast ved førespurnad frå juryen. Juryen kan utestenga spelarar som ikkje kan framlegga legitimasjon.

REGISTRERING AV LAG:
Spelarliste skal leverast til sekretæriatet seinast ein halvtime før fyrste kamp. På spelarlista skal det merkjast av for kven som er aktive i klasse 1.

FRAMMØTE TIL KAMP:
Laget skal møta i hallen seinast 10 minutt før kampstart.
Lag som ikkje møter til kampstart vil få 0-0 i resultat og tapt kamp.
Stiller eit lag med mindre enn 4 spelarar, vert det rekna som ikkje frammøtt.

INNLEIANDE KAMPAR:
Laga vert i utgongspunktet delt inn i puljer på 4 lag i kvar pulje.
I klassane 1 – 3 vert innleiande kampar spelt som serie, og dei to beste laga i kvar pulje går vidare til sluttspelet som vert spelt som cup.
I klasse 4 vert det spelt internkampar i dei ulike aldersgruppene.

AVANSEMENT FRÅ PULJESPEL:
I klassane 1, 2 og 3 går dei to beste laga vidare til sluttspel.
Kriterier for beste lag er i fylgjande rekkefølge:
a) poengsum
b) målskilnad
c) ved lik målskilnad, antal scora mål
d) innbyrdes oppgjer
e) myntkast

AVANSEMENT FRÅ SLUTTSPEL/CUPSPEL:
– sigrande lag går vidare
– ved uavgjort resultat vert det avgjort på straffesparkkonkurranse
(straffespark: 3 frå kvart lag, deretter ein og ein)

FINALAR:
– sigrande lag vert finalevinnar
– ved uavgjort resultat vert det avgjort på straffesparkkonkurranse
(straffespark: 3 frå kvart lag, deretter ein og ein)

SPELETID:
1 x 13 minutt

SPELEREGLAR:
Klasse 1 – 3:
I klassane 1, 2 og 3 vert det spelt 5ar fotball, dvs 1 keeper og 4 utespelarar. I tillegg kan laget ha 3 innbytarar, altså totalt 8 spelarar pr lag.

Det vert brukt softball/futsalball. Måla er handballmål.
Keeper har ikkje lov å kasta/sparka ballen over midtstreken når han/ho har ballen i fast grep. Om dette skjer, vert det dømt frispark frå midtstreken til det andre laget. Målfeltet for keeper er strek. Keeper må setja ballen i spel innan 4 sekund. Viss ikkje skal det dømmast indirekte frispark.
(Merknad: 4 sekund regelen – hensikta er at spelet skal setjast raskt i gong etter stopp. Det er opp til domaren å avgjera kortid tidsramma på 4 sekund er overskriden. Som ei rettesnor gjeld: Frå det tidspunkt spelaren KAN setja ballen i spel og til den BLIR satt i spel, skal det ikkje gå meir enn 4 sekund. Her må det bl.a. takast omsyn til alder og dugleik i dei yngste klassane).

Det laget som står fyrst oppført i kampprogrammet er heimelag. Heimelaget sin banehalvdel er den nærmast klatreveggen. Heimelaget tar avspark.

Klasse 4:
I klasse 4 vert det spelt 4ar fotball, dvs 1 keeper og 3 utespelarar. Ubegrensa antal innbytarar.
Kampane for desse laga vert spelt på tvers av hallen.

Spelarane skal bruka innesko, helst med lys såle – ikkje fotballsko med knottar! Spelarane skal nytta leggskinn.

Spelarar som nyttar ureglementert utstyr, kan visast ut frå banen, men kan koma innpå igjen når ein har skifta til reglementert utstyr.

Viss ballen treff taket, skal det dømmast frispark til det andre laget frå midtstreken. Det vert dømt frispark om ein spelar tek ein sklitackling, enten denne treff ballen eller ikkje. Offside vert ikkje brukt. Elles vanlege NFF reglar. NB! Tilbakespelsregelen til keeper gjeld også her.
Innkast vert erstatta med innspark. Det kan ikkje lagast mål direkte frå innspark. Motspelarar må vera minimum 3 meter frå ballen ved innspark. Innspark skal takast innan 4 sekund regelen (sjå over). Det same gjeld for hjørnespark.

Innbyte kan skje når som helst under kampen, og innbyte skal skje ved laget sin benk. Domaren treng ikkje varslast om innbyte. Ny spelar kan ikkje koma inn på banen før den som skal erstattast har passert ut over sidelinja ved benken.

Kjem ein spelar inn på banen før den han skal erstatta er heilt utanfor sidelinja kan domaren stoppa kampen.

KAMPOPPSETT:
Kampoppsett og turneringsreglement vert sendt til kvart lag ved kontaktpersonen.
NB!! Hugs namn på laget, klasse, adresse, tlf.nr. – epost til kontaktpersonen ved påmelding!

DOMMARAR:
Njardar/Tysnes sine medlemer/spelarar/dommarar.

JURY:
Cupnemnda er jury. Evt. protestar må leverast skriftleg til sekretæriatet min. 1 time etter at kampen er ferdig. Protestgebyr kr. 200,- (vert refundert dersom protesten vert teken til følgje).

ARRANGØR:
Njardar/Tysnes ved cupnemnda.
Det vert oppretta sekretæriat i hallen med resultatservice.
Kiosksal.

PREMIAR:
Premie til dei 2 beste laga i klassane 1 – 3 med lagpremie og premie til kvar spelar.
Premie til kvar spelar som deltar i klasse 4.

NB!!!! Lag som nyttar for mange aktive i klasse 1 vert diskvalifisert!!

Â

NB!!!! All bruk av alkohol inne i hallen er forbode!

Spelarar som nyt alkohol vil bli diskvalifisert!

Â

Â

PÅMELDINGSFRIST OG BETALING: 

Påmelding skjer skriftleg på vedlagde påmeldings-skjema til:
thomashagennet@hotmail.com

innan 14.desember 2016.

PÅMELDINGSAVGIFT:

I klassane 1 – 3: kr. 900,- pr.lag 

I klasse 4 vert det inga påmeldingsavgift. 

PÅMELDINGSAVGIFT BETALAST TIL:
Romjulscup 2015
v/Tore Økland
5680 Tysnes
Bankkontonr.: 3525.40.49032

NB! Påmeldingsavgifta skal betalast innan 14.12.16. 

PÅMELDINGSSKJEMA TIL ROMJULSCUP I TYSNESHALLEN 2016

NAMN PÅ LAG:

KLASSE:

KONTAKTPERSON:

ADRESSE:

TELEFON:

E-MAIL:

Print Friendly, PDF & Email