INVITASJON TIL TYSNES SPAREBANK CUP 2015.

Tysnes Sparebank Cup 2015 vert arrangert 3.juli – 5.juli på Reiso gras og kunstgras.

Påmelding til ne.ha@haugnett.no

Påmeldingsfrist 10.juni.

Påmeldingsavgift
Klasse 1-3 (herrer 7’ar fotball): kr.1.100,-
Klasse 4-5 (damer 5’ar fotball): kr. 800,-
Betalast til bankkonto 3525.40.49032 innan 10.juni.

Fullstendig invitasjon med reglement finn du under “les meir”.

 

 

INVITASJON

 TIL

TYSNES SPAREBANK CUP 2015

                           GATECUP FOR VAKSNE

PÅ REISO GRAS OG KUNSTGRAS

3.JULI – 5.JULI 2015

ARR.: NJARDAR/TYSNES

PÅMELDINGSFRIST: 10.06.15

 

TYSNES SPAREBANK CUP 2015:

GENERELT OM CUPEN:

Njardar/Tysnes inviterer i år til den 19. ”gatecupen” på rad på Reiso gras og kunstgras.

Tysnes Sparebank Cup 2015 er for alle f.o.m. 15 år og oppover som har lyst å spela fotball.

Njardar/Tysnes ynskjer på denne måten å aktivisera både fastbuande og ferierande til ei ”uhøgtidleg” og sosial fotballhelg, utan for mykje alvor!

Tilbodet er først og fremst for dei som til vanleg ikkje spelar organisert fotball.

Dersom DU har lyst å spela fotball, få med deg vener/slektningar/naboar og meld ”dåke” på i ein av klassane nedanfor.

KLASSEINNDELING:

Klasse 1 – 7’ar fotball

”Lettbeinte menn” – inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

Klasse 2 – 7’ar fotball

”Sårbeinte menn” – ingen aktive på laga, uansett nivå.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

Klasse 3 – 7’ar fotball

”Stivbeinte menn” – frå og med 40 år og oppover.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

Klasse 4 – 5’ar fotball

”Lettbeinte damer” – inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.

(1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar)

Klasse 5 – 5’ar fotball

”Sårbeinte damer” – ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg

(1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar)

DEFINISJON AV AKTIVE:

Med aktive i klasse 1 meiner me alle spelarar som har spelt seriekampar f.o.m. 5 div. og høgare i 2015.

I klasse 2 og 5 kan det ikkje vera med aktive, uansett nivå, dvs. ingen som har spelt seriekampar i 2015, alt frå aldersbestemt fotball t.o.m seniorfotball.

Med aktive i klasse 4 meiner me alle som har spelt seriekampar i 2015, alt frå aldersbestemt fotball t.o.m seniorfotball.

Spelarar f.o.m 40 år og oppover vert ikkje rekna som aktive, uansett klasse.

Dei som er aktive i klasse 1 og 4 skal merkast av på lagoppstillinga.

 

NB! Ein spelar kan kun delta på eitt lag.

Elles NFF’s vanlege reglar for 7-ar fotball, men keeper får ikkje lov å kasta/sparka ballen over midtbanen når han/ho har ballen i fast grep eller etter «dødball».

NB! Hugs leggskinn

–          alle spelarar vert oppmoda til å nytta leggskinn

–          dei som evt. ikkje nyttar leggskinn gjer dette på eige ansvar i høve til evt. skader

 

 

KAMPAVVIKLING:

Innleiande rundar fredag kveld og laurdag. Sluttspel vert søndag ettermiddag.

Det vert i utgangspunktet 4 lag i puljene og spelt serie i innleiande rundar, dvs. min. 3 kampar på kvart lag. Dei beste laga i kvar klasse går vidare til sluttspelet. Sluttspelet vert arrangert som cup. Ved uavgjort resultat i sluttspelet vert kampane avgjort med straffekonkurranse.

SPELETID:

2 X 13 minutt pr. kamp.

Oppmøte med registrering i sekretæriatet min. ein halv time før kampstart.

KAMPOPPSETT:

Kampoppsett vert sendt til kvart lag ved kontaktpersonen og kunngjort på www.njardar.no.

NB!! Hugs namn på laget, klasse, adresse, tlf.nr. – epost til kontaktpersonen ved påmelding!

DOMMARAR:

Njardar/Tysnes sine medlemer/spelarar/dommarar + innleigde dommarar.

JURY:

Det vil verta oppretta ein jury. Evt. protestar må leverast skriftleg til sekretæriatet min. 1 time etter at kampen er ferdig. Protestgebyr kr. 200,- (vert refundert dersom protesten vert teken til følgje).

ARRANGØR:

Njardar/Tysnes ved cupnemnda.

Det vert oppretta sekretæriat i klubbhuset med resultatservice.

Kiosk-sal m/kaffi, vafler, pølser, is og brus.

Oppdatering av resultater via ”nettet” på www.njardar.no .

PREMIAR:

Premie til dei 4 beste laga i kvar klasse.

Lagpremie og premie til kvar spelar for dei to beste laga i kvar klasse. Lagpremie til tredjeplassane, dvs tapande semifinalister.

Fair Play pris (gjeld felles for alle klassar).

Premieutdeling etter finalane søndag ettermiddag.

NB!!!! Lag som nyttar meir enn 2 aktive i klasse 1 og 4 vert diskvalifisert!!
NB!!!! All bruk av alkohol inne på området er forbode!
           Spelarar som nyt alkohol vil bli diskvalifisert!

 

PÅMELDINGSFRIST OG BETALING:

 Påmelding til ne.ha@haugnett.no  innan 10.06.15.

Påmeldingsavgift: kr. 1.100,- pr. lag i klasse 1-3

                               kr. 800,- pr. lag i klasse 4-5.

Påmeldingsavgifta skal betalast til:

Tysnes Sparebank Cup 2015

v/Tore Økland

5680 Tysnes

Bankkontonr.: 3525.40.49032

NB! Påmeldingsavgifta skal vera betalt innan 10.06.15.

PÅMELDINGSSKJEMA TIL TYSNES SPAREBANK CUP 2015:

Lagets namn:____________________________________________________

Klasse:_________________________________________________________

Kontaktperson:___________________________________________________

Adresse:________________________________________________________

Tlf.nr./e-mail:____________________________________________________

www.tysnes-sparebank.no

tlf. 53 43 03 00

telefaks 53 43 03 50

Print Friendly, PDF & Email