Njardar frå A til Å 1974-1999

(dei fyrste 25 åra)

Andersland, Atle (f. 1958, frå Uggdal)
Midtstoppar som aldri la noko i mellom i tacklingane. Spelte med autoritet og gjorde det enkelt og effektivt. Spelte tre sesongar (74-77), men trente med Os junior sidan han gjekk på gymnaset i Os, før han reiste i militæret og vidare skulegong i Trondheim (spelte for NTH) og Oslo. Kåra til ”årets spelar” og ”mest framgongsrike spelar” i 1976, samt innkalla til juniorkretssamling. Hans comeback i –87 var sterkt delaktig i opprykket det året, men etter haustsesongen –88 måtte han leggja opp grunna skader. Ein pådrivar på anlegg- og økonomisida i klubben, som til dagleg driv Leif Andersland A/S.

Amundsen, Per Åne (f. 1960, frå Rosendal)
Rosendølingen kom til Njardar frå Solid i 84-sesongen og spelte på Tysnes i eit par år. Sterk forsvarar, men litt for ustabil til at han kapra fast plass på laget.

Arntzen, Geir (f. 1962, frå Olsvik)
Reiste med a-laget på treningsleir til Danmark sommaren –88, og stopparen trente med laget året etter der han var innpå i eit par kampar etter overgangen frå Bondemarken. Seljaren hjå R.H.Sandvik var tidlegare aktiv håndballspelar i Kjøkkelvik.

Asmervik, Geir (f. 1959, frå Bergen)
Spelande trenar i Njardar i 1988 og spelte 14 kampar på midtbana. Før Njardar hadde han mange opptredenar for Trane, Hardy og Baune. På 90-talet var Geir involvert i trenarsamanheng for Hordaland Fotballkrets, trenar for Fana sitt juniorlag, og trenar for 3.divisjonslaget Vadmyra. I 1999 er han assistenttrenar i Løv-Ham, i tillegg til at han og er trenarinstruktør for Hordaland Fotballkrets.

Austvik, Kjartan (f. 1964, frå Lunde)
Grunna flytting til Bergen vart det berre to A-lags kampar for den unge midtbanespelaren, og dette var i 1980. Han melde seg så inn i Ny-Krohnborg. Yngre bror av Geir (ex Brann) og Vidar.

Austvik, Vidar (f. 1956, frå Lunde)
Spelte ein sesong i Njardar-angrepet (-75) etter å ha trukke trøya til Lundegrend før den tid. Er blitt ein kjend fløytist med tilholdstad i Oslo.

Bakkane, Ronny (f. 1974, frå Onarheim)
Alt-mogeleg-mann i klubben. Keeper, utespelar, dommar, oppmann, styremedlem – Ronny seier aldri nei når han blir spurt om å gjera ein jobb for Njardar. Tømraren debuterte på a-laget i 1996 og har fått med seg 8 kampar.

Bakke, Anders (f. 1963, frå Våge)
Song og spelemannen Anders var med ein sesong som midtbanespelar/ving. Seks gonger trakk han trøya over hovudet i 1982. Han hugsar best Reidar Aarskog sine lugubre vitsar på veg til bortekampane! Er no lærar i Bergen.

Bakke, Christian (f. 1975, frå Lunde)
I kampar med mannsoppdekking var Christian den som fekk jobben. Var aldri meir enn ein halv meter frå mannen sin. Sjølv om denne berre gjekk ut av bana for å drikka, så fulgte Christian etter – til stor irritasjon hos motstandarane. Ein skikkeleg ”eitel”! Gjorde ting enkelt som stoppar. Datamannen (nerden), no busett i Kongsberg, debuterte i 1993 og fekk 38 kampar.

Bakke, Åge (f. 1976, frå Lunde)
Tacklingsterk stoppar, god i lufta og med godt tilslag på ballen. Sidan debuten sin i –96 var han litt ut og inn av laget og spelte i ulike posisjonar. I 1999 gjorde han imidlertid midtstopparplassen til sin eigen og fungerte glimrande saman med makkeren sin, Kato Stien. Totalt 76 kampar (2 mål) for fiskeriarbeidaren på Rex Star Seafood. Årets mest framgongsrike spelar i 1999 sesongen.

Berge, Asbjørn (f. 1946, frå Teigen)
Sterk back som etter Lundegrend tida var med eit par sesongar i Njardar. Sat også i styret desse to sesongane (75-76). Var skada i Njardar sin historiske fyrste seriekamp borte mot Selbjørn i 1975, og hadde nok bange anelser for klubben der han stod på sidelinja og såg Njardar-spelarane bli banka 8-0. Har jobba i datafirmaet Novit i Bergen dei seinare åra.

Berggreen, Harald (f. 1949, frå Bergen)
Dribleglad kantspelar frå 75-80 som kvart år laga sin del av Njardar-måla. Det hende bergensaren (familien hytte i Våge) stillte i joggesko på ein våt og regntung Vassbakken, utan at det hemma han i å utfordra backen. Spelar no bl.a. bedriftsfotball saman med Reidar Aarskog på Høgskulen i Bergen.

Bøym, Leif Bjarne (f. 1956, frå Os)
Spelande trenar for a-laget i 1983 og kvitterte me 7 fulltreffarar på 14 kampar. Hadde før det måtta leggja opp karriera i Os etter skadeproblem. Var eit friskt pust inn i Njardar-miljøet på denne tida, sjølv om han var distrè til tider. Overvurderte kondisjonen sin ein gong, då han skulle jogga til ferja frå bustaden sin på Nore Neset og ut til Halhjem. Ferja var nok komt eit godt stykke ut i fjorden før Leif Bjarne var på kaien… Var litt i Jadakam. Etter opphaldet på Tysnes. Er ellers pågongsdrivar for fotballen i Os og har bl.a. ein talentfull son på kretslaget.

Dalland, Knut Martin (f. 1968, frå Våge)
Sterk målmann med ekstra gode kvalitetar på strek. På smågutekretslags samling i –81, a-lags debuten kom i 1986, men var vekkreist for skulegong nokre år før han kom attende og satsa for fullt nokre sesongar (med eit armbrot innimellom). ”Mest framgongsrike spelar” 1986 og ”Årets Spelar” i 1991, og oljearbeidaren, busett på Neshamn, er oppført med 53 kampar.

Dalland, Robert (f. 1971, frå Våge)
Ekstrem reaksjonsevne og god i ein-mot-ein situasjonar. Keeperen kom tilbake til Njardar sommaren –99, og stod fast i Njardar-buret haustsesongen. Viktig mann også for miljøet i klubben. Han debuterte i 1993, før han i nokre sesongar var i Ny-Krohnborg og Moen, men er no tilbake i moderklubben der han har totalt 23 kampar. Arbeidar på Stend, men er busett på Tysnes.

Drange, Helge (f. 1953, frå Uggdal)
Kjapp og fin back som spelte frå 75-78. Var også i Njardar sitt styre i dei tre siste åra. Er no aktiv i det administrative i Kleppestø, der han og er busett. Spelte tidlegare for Lundegrend.

Eidsvik, Anstein (f. 1969, frå Os)
Var med i ein sesong (1995), men greidde ikkje spela seg til fast plass. 4 kampar vart statusen for osingen som til dagleg jobbar for Askeladden. Tidl. Nore Neset.

Fagerbakk, Kenneth (f. 1980, frå Flatråker)
Fekk sin fyrste A-lags opptreden i sesongens siste kamp i –98. Viste fin utvikling året etter og gjorde venstrebacken til sin. Totalt 18 kampar. I arbeid på settefiskanlegget Fitjar Laks AS på Flatråker.

Fauske, Eivind (f. 1964, frå Landås)
”Unge, lovende Fauske” var ein glimrande ”snakkar” bak i forsvaret og veldig flink å lesa spelet. Gjekk gradane i Baune og representerte kretslaget til Bergen & omegn, før skulegong førde han til Tyssedal. Han melde overgong til dei gulkledde i 1984 (nok til stor glede for faren – ”Kjimen” med hytte på Malkenes). Grunna skadeproblem vart det ikkje meir enn rundt 40 kampar og tre mål før han la opp i –92. Bur og jobbar i Os. Initiativtakar til dartspeling for ein del a-lagsspelarar på 80/90-talet, nemleg ”Gutte Klubben Håpet” (GKH).

Flatråker, Mikal (f. 1979, frå Lunde)
Har utvilsamt eit talent, men som aldri har blitt stabil nok. God teknikk og tacklingssterk all-rounder som etter debuten sin står med 18 kampar. Har tidlegare spelt i Løv-Ham.

Flornes, Oddvin (f. 1950, frå Uggdal)
Var med og stifta Njardar og spelte i ti år før han la opp som 35-åring. Haldt det gåande på B-laget i fleire år etterpå. Midtbanespelar med god ballkontroll og sterk i lufta. Berykta for dei spisse albogane sine, både på trening og kamp! Kontorsjefen i Tysnes Sparebank fekk om lag 200 kamper og 30 mål. Kåra til ”Årets spelar” i 1984.

Frugård, Øystein (f. 1953, frå Våge)
Høg spiss som var innom A-laget i 1979. Den tidlegare bakaren har vore ivrig i Tysnes Idrettslag og skigåing. Jobbar no på Windsor.

Gjelland, Ole Gunnar (f. 1962, frå Uggdal)
Var spiss i byrjinga av A-lags karriera, men i sine siste år vart Ole G. mest nytta som sweeper. Eminent balanse og teknikk, full ro og eit hardt skot var varemerket hans, og for ikkje å gløyma dei gode kommentarane!! 149 kampar og 20 mål vart status for revisoren, busett i Bergen. Med i ”GKH”!

Gjerstad, Helge (f. 1956, frå Våge)
Offensiv back – begge vegar!! Gav Tysnes-publikummet i eit par sesonger midt på 70-talet hjertestans med sine heller uventa tilbakespel til eigen keeper, noko som ein del gonger enda i sjølvmål. Men det vart nokre puttingar den rette vegen og for den noverande Stordabuen. Før det i Lundegrend.

Grøteide, Knut Arne (f. 1964, frå Våge)
Knut Arne var ein knallhard midtstoppar som spelte to sesongar for A-laget – i -81 og -82. Var frykteleg sterk i kroppen og la ingenting i mellom i tacklingane, og i ein kamp førde det til beinbrot hos ein spelar på motstandarlaget. Har også spelt for Gardemoen Bedriftsidrettslag. Busett i Os.

Hagen, Kjartan (f. 1976, frå Lunde)
Var etter debuten som 16-åring i –92 fast 1.lags keeper fram til sommaren –99, då elektrikaren fann ut at han ville prøva seg som utespelar. Totalt 148 kampar og 4 mål. Seriøs i det han driv med og vart ein stabil og god keeper. Kaptein og oppmann på laget i to sesongar. Kåra til ”Mest framgongsrike” i 1993 og ”Årets spelar” i 1995. Yngre bror av Ronny.

Hagen, Ronny (f. 1971, frå Lunde)
Ein av Njardar sine aller viktigaste spelarar gjennom heile 90-talet (debut i 1989) Har spelt på alle plassar på bana, med uvurderleg vinnarvilje for laget. Toppscorar i –96 og -98. Kåra til ”Mest framgongsrike” i –90 og -92 og ”Årets spelar” i 94. Trente A-laget saman med Gunnar Hansen i 1998. Desse to hadde og ansvar for programbladet gjennom åtte år. Brakk foten i femte seriekampen i 1999. Totalt 192 kampar/52 mål. Driv no Tiko saman med broren Kjartan.

Hagen, Terje (f. 1976, frå Lunde)
Truleg den beste hovudspelaren Njardar nokon gong har fostra og ingen motstandarar har enno matcha han i lufta. Også sterk teknisk med ein god venstrefot, og Terje er blitt kanskje den viktigaste spelaren laget har i dag. Trente med Haugar og Grann-Kam i 96/97, men har vore lojal overfor moderklubben sjøl om han utvilsamt nok har potensial til å spela høgare oppe. Debuten kom i 1992 og han står bokført med 144 kampar og 45 mål. Delt toppscorar i 1998. Elektrikar i Tiko.

Hansen, Einar Hauge (f. 1975, frå Kaastad)
Stoppar med stor rekkevidde både langs bakken og i lufta. ”Mest framgongsrike spelar” i opprykksåret 1997, men gav seg sesongen etter grunna familie og studier i Bergen. Debuterte i –93 og fekk totalt 39 kampar og eit mål. Spelar no B-lags fotball og bedrift.

Hansen, Gunnar (f. 1966, frå Malkenes)
All-rounder med 317 kampar (63 mål) bak seg etter debuten i 1983. ”Mest framgongsrike spelar” i –83, ”Årets spelar” i –87 og –88, samt delt toppscorar i -88. Trente A-laget saman med Ronny Hagen i 1998, men hadde eineansvaret året etter. Har og trent gute- og juniorlag i Njardar. Var i ungdomen innom Os junior. Smågute- og gutekretslaget 80-82. Yngre bror av Sigurd, Nils Eivind og Ivar. Jobbar i Tysnes Sparebank.

Hansen, Ivar (f. 1962, frå Malkenes)
Keeper som fekk med seg åtte kampar før han flytta frå øya. Kom tilbake på 90-talet og var med og trente litt med A-laget. Steppa inn og stod i mål i ein bortekamp mot Uskedalen i 1992. Trailersjåføren gjorde suksess som utespelar i Odda Cup 97 med to scoringar! Var på kretslagssamling som smågute- og gutespelar.

Hansen, Nils Eivind (f. 1960, frå Malkenes)
Mannen med flest A-lags kampar for Njardar – 369 kampar/75 mål – og sjølv med to beinbrot og eit kinnbeinbrot bak seg ”still going strong”! Debuten kom i 1977. Kåra til ”Årets spelar” i –85 og –92. Trente A-laget i –89 & -90, samt at han har trent smågute- gute- og damelaget dei siste ti åra. Var leiar i Njardar i –97 & -98 og har elles hatt ulike verv i klubben. Tillitsfull, kondisjonssterk midtbanemann med godt blikk og gode pasningar, samt luftstyrke. Jobbar i Tysnes kommune – teknisk etat.

Hansen, Roger Hauge (f. 1980, frå Kaastad)
Scora i bøtter og spann på aldersbestemt, men har funne vegen til nettmaskene vanskeleg på seniornivå. Bygningsarbeidaren hjå L.Andersland A/S har nok det hardaste skotet i klubben, men er for ustabil. Debuterte i 1997. 17 kampar og 2 mål.

Hansen, Sigurd (f. 1956, frå Våge)
Sløydlæraren ved Tysnes skule var keeper som spelte rundt dusinet med A-kampar. Sterk på strek og etter ein god cupkamp mot Trott i -83, fekk han tilbod om å spela for nettopp Trott som låg eit par divisjonar høgare. Gav seg imidlertid etter 83-sesongen. Spelte tidlegare for Lundegrend.

Hauge, Helge (f. 1944, frå Os/Uggdal)
Den tidlegare Tysnes-ordføraren, no rektor ved Tysnes skule, var ein glimrande midtbanespelar med godt blikk for spelet. Var ein av føregongsmennene for oppstarten av Njardar, og vart også vald til klubbens fyrste formann. Har hatt ulike verv i klubben, samt formannsjobben i Hordaland Fotballkrets på 80-talet. Spelte fyrst for Lundegrend, og så halvannan sesong for Njardar, før han fekk problem med augene sommaren i 1976 og som førte til at han måtte leggja støvlane på hylla.

Haukefær, Rene (f. 1973, frå Uggdal)
Midtbanespelar med svært godt ballmottak som debuterte i 1996 og fekk prisen ”Mest framgongsrike spelar” det året. Ikkje av dei høgrøsta, men du veit han er der! Har no komt i 71 kampar og 2 mål for Njardar. Bur på Tysnes, men arbeidar på Leirvik Sveis.

Haukefær, Ørjan (f. 1978, frå Uggdal)
Glitrande teknikk er det som kjenneteiknar denne midtbanespelaren, som også er målfarleg. Fekk to kampar og putta eit mål i –95, før han prøvde seg høgare oppe i Løv-Ham, men kom så tilbake til Njardar i –99 og vart ein viktig brikke. Totalt 24 kampar/14 mål. Yngre bror av Rene.

Holmås, Tor Helge (f. 1959, frå Rosendal)
Kom til Njardar frå Rosendal i 1984. Midtstopparen med god luftstyrke spelte her i to år, men gav seg sommaren –85.

Hovdenes, Lars Andreas (f. 1980, frå Uggdal)
Litt ustabil og uryddig i spelestilen, men med ein god høgrefot enten på midtbana eller i angrep. Soldaten debuterte i –97 og har samla 21 kampar/3 mål.

Hustad, Roger (f. 1979, frå Lunde)
Stor og sterk stoppar som fekk sitt gjennombrot i 98-sesongen, då han og vart kåra til ”Mest framgongsrike spelar”. Debuterte året før. Veldig god i lufta. Totalt 19 kampar/1 mål. I arbeid hos Windsor.

Ingebrigtsen, Arne (f. 1967, frå Malkenes)
Sterk keeper gjennom heile den aldersbestemte fotballtida, men skulegong gjorde at Arne flytta bort frå Tysnes ei tid, og dermed fekk han ikkje utvikla talentet sitt her. Fekk debuten sin borte mot Ølen i 1984 og haldt nullen i kampen. Var tilbake mot slutten av 80-talet og trente med a-laget, men som sjømann var det vanskeleg å kombinera med fast 1.lags fotball. Busett på Sagvåg.

Instøy, Helge Olav (f. 1952, frå Neshamn)
Fart, teknikk og scoringsteft var Helge Olav sine varemerke i klubbane Lundegrend, Os, Nessegutten, Stord, Halsnøy og Njardar. Kjent namn i regionen med verv i bl.a. Hordaland Fotballkrets. Trente a-laget vårt i –84 og –86 saman med Reidar Aarskog, samt leiar i klubben i –94 og –95. Tilbake i Njardar rundt 1980 og spelte så 11 sesongar frametter, om lag 250 kampar for Njardar og 50 mål. Lærar ved Uggdal skule og far til Henry og Tom Erik.

Instøy, Henry (f. 1978, frå Neshamn)
Ein kamp som innbytar for broren Tom Erik i –98 er statusen for denne teknikaren. Jobbar på Windsor.

Instøy, Terje (f. 1969, frå Neshamn)
Hurtig, teknisk spiss med imponerande 87 mål på 143 kampar etter debuten i 1986. Toppscorar i 1995 med 20 mål og la deretter opp!! Trente eit år med Hald. Er innom treningane no og då, og sprer godt humør med sine kommentarar. Kraftlagsmann på Tysnes.

Instøy, Tom Erik (f. 1982, frå Neshamn)
Talentfull venstrebeinspelar som, etter å ha spelt 4 kampar og scora 1 mål våren –98, gjekk til Stord for å få den rette utviklinga. Kretslagsspelar som og har vore og trent i Chelsea. Skuleelev på Stord og yngre bror av Henry.

Jacobsen, Øystein (f. 1968, frå Hatlestrand)
Midtbanespelar med god pasningsfot, diverre hemma farten hans til at han slo til for fullt i Njardar. Likevel ein viktig spelar i stallen med 79 kampar og to mål på sju år. ”Jacob’en” spelte nær 100 kampar for Etne og Mundheim, før han kom til Njardar i 1991. Volleyball-spelar for Strand-Ulv og pr 1999 hjelpetrenar i Nordly og til Njardar sitt damelag. Arbeidar på Harding i Ølve.

Kaastad, Terje (f. 1980, frå Kaastad)
Bygningsarbeidaren hjå Leif Andersland A/S debuterte i 1997, før han spelte i Fitjar eit år. Forsvarsspelaren er no tilbake i Njardar og har fått med seg 11 kampar. Godt blikk for spelet. Gutelagstrenar i 1999.

Kleppe, Arne (f. 1953, frå Uggdal)
Midtbanemann med berre nokre få opptredenar for A-laget. Læraren ved Tysnes skule var ivrig på B-laget som han var oppmann for i mange år. Spelte mest bedriftsfotball på Stord i si tid. Var med på treningsleir i -85, og minnast at Jon Arvid Kleppe nesten åt opp munnspelet…

Kleppe, Asbjørn (f. 1960, frå Uggdal)
Fjellstø back med klengenavnet ”Gentile” etter den italienske landslagsspelaren. Spelte i perioden 80-85 og fekk med seg rundt 50 kampar. Har også vore (er?) ein habil langdistanseløpar og skigåar. Røyrleggjaren, busett på Onarheim, er yngre bror av Jon Arvid.

Kleppe, Jon Arvid (f. 1959, frå Uggdal)
Målmann med stor rekkevidde og 165 kampar bak seg. Spelte ein del sesongar i Årstad og Søfteland før han vende heim att i 80/81. Hadde styreverv i klubben, samt at han var trenar for damelaget. Gav seg som aktiv etter 91-sesongen for å ta seg av avdelingsleiar jobb i Aker Elektro. Med i ”GKH”!

Kongsvik, Bjørn (f. 1959, frå Våge).
Svært reaksjonsrask keeper som fekk opp mot eit par hundre kampar på A-laget frå debuten i -75 og fram til hans siste sesong i –89, då ein kneoperasjon satte stopp for karriera. ”Mest framgongsrike spelar” i ’78 og ’82. Var i tillegg til å vera aktiv, også formann i Njardar, samt at han har hatt andre verv i klubben. Har faktisk to mål protokollført!! Innkalla til juniorkretslagssamling i 1976. No arbeidsleiar på Windsor.

Kongsvik, Svein (f. 1958, frå Våge)
Tacklingsterk midtstoppar som etter 75 kampar la opp i 1980. Har etter det vore ein solid støttespelar på det administrative/økonomiske. Spelte i sin pure ungdom for Lundegrend. Innkjøpsansvarleg på Windsor.

Kongsvik, Øystein (f. 1964, frå Våge)
Øystein debuterte tidleg på 80-talet og fekk med seg nær 80 kampar for A-laget fram til 1988, då ein kneskade satte stoppar for vidare spel. Sterk i lufta som offensiv midtbanespelar eller spiss, og scora jevnt med mål. Utanom jobben i Bergen Frukthall er han og trenar for eit miniputt lag i Bergen. Yngre bror av Svein og Bjørn.

Kopren, Leif Helge (f. 1950, frå Uggdal)
Liten og kjapp kantspelar som tidlegare spelte for Lundegrend. Spelte for Njardar i –75 (og putta nokre mål), men mindre med året etter og gav seg då. Sat i økonominemnda. Bur no i Bergen.

Kopren, Kåre (f. 1954, frå Uggdal)
Innpå i ein kamp som innbytar i eit oppgjer ute på Bømlo i 75/76, men reiste så vekk for skulegong, slik at det ikkje vart fleire opptredenar. Var i Lundegrend før den tid. Bur i Uggdal.

Kvittingen, Eirik (f. 1973, frå Os)
Sterk spelar som trente med Njardar ein vinter, men det vart berre to kampar på osingen i 1994. Kunne nok hevda seg høgare oppe i divisjonssystemet, men er no å finna i Søre Neset.

Lande, Svenn Arve (f. 1973, frå Våge)
Midtbanespelar som debuterte i 1995 og var med ut sesongen etter, før skulegong i Stavanger tok til. 5 kampar for Njardar. Ein ”kløppar” på gitaren! Har no freelance jobb i TV2.

Leknes, Knut (f. 1953, frå Våge)
Solid midtstoppar både i Lundegrend og Njardar. Var med i 2-3 sesongar før han la opp på slutten av 70-talet. Er trenar for Bønes sitt gutelag. Driv eigen tannlegepraksis i Bergen.

Lid, Leif Tore (f. 1980, frå Flatråker)
Keeper med kvalitetar på strek. Meldte overgong til Brann etter ungdomsskulen, men kom tilbake til Njardar i –96 og stod 11 kampar i to sesongar, før han melde overgong til Nordly. Elektrikar i Aker Elektro.

Linde, Svein Ove (f. 1961, frå Våge)
Kjapp og sterk høgreback som i tidleg alder tok steget inn på a-laget. Kunne også med hell brukast som midtstoppar. Innkalt til gutekretslagssamling i 1977. Spelte ut 70-talet for Njardar. Bur no i Bergen.

Malkenes, Dag Ove (f. 1970, frå Malkenes)
Nær komplett spelar med 137 kampar og 17 mål etter debuten i 1987, før ankelskade førte til at han la støvlane på hylla i 1997. Med god grunnteknikk, fart og overblikk kunne han spela like godt i samtlege posisjonar på bana. ”Mest framgongsrike spelar” i 1988 og “Årets spelar” i 1993. Jobbar i barnehage på Storetveit. Yngre bror av Jarle.

Malkenes, Håvard (f. 1977, frå Malkenes)
Løpsvillig midtbanespelar som fekk sin fyrste kamp i –96, men det var ikkje før i 98-sesongen at Håvard spelte seg til fast plass på laget. Gjekk til naboklubben Nordly i 1999. 20 kampar for Njardar, som jobbar innan fisk i Fusa, men bur på Malkenes.

Malkenes, Jarle (f. 1964, frå Malkenes)
Læraren ved Reksteren skule begynte som høgreback på a-laget i 1980, men vart mot slutten av karriera nytta som sweeper. Trente a-laget i 1991 og 1996-97 med opprykk til 5.divisjon i –97 som den store bragden. Svært tacklingssterk og plasseringssikker. Gjorde nesten ”ein Mike Tyson” ute på Finnås, då han beit Finnås-vingen i nakken (men fekk, til bømlingane si store fortviling, ikkje frispark mot seg!). Har og trent Os junior og Os damer. Pr 1999 trenar for Njardar sitt damelag, samt naboklubben vår Nordly. 271 seriekampar og 12 mål (dei fleste på straffer).

Meland, Jostein (f. 1974, frå Årbakka)
Sterk, pliktoppfyllande all-rounder med litt sleipe tricks på lur! Kom som ein rå ungdom inn på A-laget i 1990, satte seg snart i respekt og vart ein viktig spelar gjennom 90-talet. Trente i tillegg damelaget i –97 & -98, fyrste året saman med Thorbjørn Olafsen. Kåra til ”Årets spelar” i 1996 og har totalt spelt 149 kampar og scora 34 mål. Meniskoperert hausten –97 og var ute eitt år. Platearbeidar i Vågen.

Meland, Torbjørn (f. 1982, frå Årbakka)
Tillitsfull stoppar som til no for det meste har vore innbytar. Ein kamp i –98, mens det i –99 vart fem kampar på A-laget, i tillegg til at han spelte på gutelaget og B-laget. Yngre bror av Jostein. Borestudent i Bergen.

Mæland, Arild (f. 1956, frå Årbakka)
Venstreving som før Njardar spelte litt i Lundegrend, men det vart berre ein sesong halvannan i Njardar før han reiste i militæret hausten –76. Sat i Njardar-styret i 1976. Innom Fana junior og Bergen Sparta, men testar no den ”berykta” skotfoten på 7-ar bedriftsfotball. Har vore trenar på aldersbestemt nivå i Åsane i 10 år og også hjulpe til på markedssida der. Etter mange år i bank, har han nyleg byrja med sal for Arka, Os. Busett på Flaktveit.

Olafsen, Thorbjørn (f. 1955, frå Vadmyra)
Fekk med seg ein sesong i Njardar-trøya (1981), før menisken satte stoppar for vidare karriere. Spiss med nase for mål. Var leiar i Njardar i –83 og har elles hatt styreverv i klubben. Trente damelaget saman med Jostein Meland i –97, før det jentelaget. Jobbar i Viking redningstjeneste i Bergen, og er pendlar til Tysnes.

Onarheim, Stein Roger (f. 1963, frå Onarheim)
Arbeidssom midtbanemann som ikkje før i 1985 spela A-lags fotball i Njardar. Kåra til ”Mest framgongsrike spelar” i debutåret. Var så fast på laget fram til han vart kåra til ”Årets spelar” i 1990, før han la opp året etter mens han var på topp! Har sidan stort sett spelt bedriftsfotball og old-boys i Smørås. 108 kampar og 6 mål for Njardar. Elektrikar i Bergen. Med i ”GKH”!

Onarheim, Torbjørn ”Tobben” (f. 1969, frå Onarheim)
Temperamentsfull, teknisk hurtigtog med målteft, noko 86 mål på 169 kampar er prov på. Toppscorar i –86, -88, -89, -90, -91 & -92, samt ”Årets spelar” i –86 & –89. Debuten kom i 1985. Har vore borte nokre sesongar, men har kome sterkt tilbake og er viktig humørspreiar i laget. Varemottaksformann hjå S-Gruppen, Bergen. Med i ”GKH”!

Paulsen, Einar Ståle (f. 1962, frå Uggdal)
Back som debuterte i 1980, men som berre fekk nokre få A-lags opptredenar i to sesongar. Yngre bror av Johannes Inge. Bur i Førde-traktene.

Paulsen, Johannes Inge (f. 1957, frå Uggdal)
”Johs’en” utvikla seg til å bli ein skikkeleg god spelar i perioden 75-82. Hadde mykje fotball i seg og scora jamnt og trutt, bl.a. 5 mål i ein og same kamp (mot Uskedalen i 1979). Gjekk til Uskedalen grunna jobbing i 82/83. Spelte midtbane eller spiss, i tillegg til at han trente Njardar sitt gutelag eit år. Bur no i Tromsø-traktene.

Pedersen, Erling (f. 1949, frå Bergen)
Fekk med seg nokre kampar i Njardar-buret i klubben sine tidlege år, ellers var det spel for B-laget. Også leiar i eit par år, i tillegg til at han var dommar og trenar for aldersbestemte lag. Bur no i Oslo-området.

Pettersen, Arild (f. 1974, frå Årbakka)
Hardtkjempande midtbanespelar/spiss med to gode skotbein. Også ein dyktig hovudspelar. Var i Njardar fram til midten av 90-talet (46 kampar/22 mål – debut i 1991), før han ville prøva seg nokre hakk høgare oppe, og meldte overgong til Stord, før ferda gjekk til Solid, og no i 1999 er han i Leirvik BK. Jobbar på Leirvik Sveis og har hausten –99 flytta tilbake til Tysnes og vonaleg klar for Njardar-spel i år 2000.

Pettersen, Asbjørn (f. 1955, frå Os)
Bror av Ove og Rune, tok med seg ein sesong i Njardar-trøya – og det enda med opprykk!! Gav fin rutine til laget i byrjinga av sesongen 1997. Var tidlegare i karriera hyperfarleg spiss i Søfteland og ei tid var vel både Os og Brann og kikka på den målfarlege mossingen. No trenar han med Øyglimt og bedriftslaget til Statoil.

Pettersen, Ove (f. 1957, frå Lysekloster)
Vart henta med av trenar Leif Bjarne Bøyum frå Søfteland i 1983. Fekk med seg 10 kampar og eit mål den sesongen, før han returnerte til Søfteland. All-rounder som også har spelt for Rygge IL, Bardufoss IF, Gardemoen IF, Øyglimt og Lysekloster. Tilbake i Njardar i 1997 for å gje rutine til rekrutteringslaget. I same selskap som broren Asbjørn.

Pettersen, Rune (f. 1970, frå Krokeide)
Emininent teknikk og målhungrig spiss med gode 44 mål på 79 kampar. Kunne heilt klart spelt eit par divisjonar høgare oppe, men har holdt seg i klubbar som Øyglimt og Søfteland før Njardar var så heldig å få han med i sin spelarstall i 1995. Hevar laget kraftig når han er med. Toppscorar i –97 & -99, samt ”Årets spelar” i –97. Yngre bror av Asbjørn og Ove.

Pettersen, Tom Vidar (f. 1977, frå Årbakka)
Yngre bror av Arild som etter to år i a-stallen vår, valde juniorfotball på Trott. 17 kampar (dei fleste som innbytar) spelte ”Tommy” i 1993-94. Midtbanespelaren er no å finna i Solid. Også han jobbar for Leirvik Sveis og busett på Stord.

Reiso, Lars Henrik (f. 1963, frå Uggdal)
Hardskytande ving med rundt 15 kampar for A-laget. Gav seg i Njardar i -85. Jobbar no innan finans på Stord, og har nyleg flytta tilbake til Tysnes og vorten pendlar.

Rosvold, Ove (f. 1958, frå Uggdal)
Keeper som holdt nullen i den eine kampen han spela for klubben i 1975 (mot Osternes). Ove er fabrikksjef på Windsor.

Skjolde, Ketil (f. 1968, frå Onarheim)
Slengte seg med på treningsleiren i 1989 og har sidan ikkje sett seg tilbake. Særs viktig klubbspelar gjennom 90-talet, enten i forsvar eller på midtbana. ”Mest framgongsrike spelar” både i –89 og –95. God i lufta, tacklingsterk og med vilje til å gå framover har gitt nordsjøarbeidaren 159 kampar og 10 mål.

Solheim, Magnar (f. 1973, frå Solheimsdalen)
Raskare spelar enn Magnar skal du leita lenge etter. Ein utruleg hurtigheit og spenst. Teknikken ikkje nett i same stil, og spissen greidde aldri å spela seg til fast plass på laget etter debuten i –96. Totalt 32 kampar/6 mål. Yngre bror av Waldemar og student i Bergen.

Solheim, Waldemar (f. 1970, frå Solheimsdalen)
Var borte frå fotballen etter aldersbestemt i mange år, før han gjorde comeback i –96. Totalt 7 kampar som innbytar på to sesongar. Spelte spiss eller back. Teknisk teiknar i Bergen.

Solibakke, Kåre Perry (f. 1949, frå Os)
Lærar ved Tysnes skule i to år (1977-78) og var midtbanedirigent på Njardar i den tida. Vart kåra til ”årets spelar” i begge dei åra han var på Tysnes. Teikna seg på scoringslista gjorde han og. Andre klubbar han spela for var Bryggja, Åheim, Tingvoll og Søfteland. Er no lærar ved Os gymnas og spelar no bedriftsfotball for Os kommune.

Stien, Kato (f. 1975, frå Flatråker)
Spelte aldersbestemt fotball i Njardar før han gjekk til Kjøkkelvik og Nesset FK. Kom tilbake i Njardar i 1998 og spelte stort i sin fyrste a-lags sesong, æra med ”Årets spelar”. Hurtig og tacklingsdyktig stoppar som i siste del av 99-sesongen bar kapteinsbindet.

Storesætre, Oddvar (f. 1972, frå Onarheim)
Kondisjonssterk og hurtig angrepsspelar, men som og kan nyttast i andre posisjonar. Debuterte i 1989, før befalsutdanning tok han bort frå Tysnes-fotballen. Spelte ei tid i Larkollen. Tilbake i Njardar i –97 og elektromontøren har totalt fått med seg 33 kampar og 7 mål i den gule trøya.

Straumsnes, Øyvind (f. 1968, frå Våge)
Anvendeleg, teknisk spelar med god speleforståing, og Øyvind vart nytta på mest alle plassar. På smågutekretslagssamling i –81, og fekk sin a-lags debut fem år seinare, men gjekk til Fitjar i 1990. Der vart han halvannan sesong, før han returnerte til Njardar. Spelte her fram til og med 1995, men flytta til Fusa for å arbeida hjå Frank Mohn a.s. og vart så spelande trenar i Ådlandsfjorden. Meldte overgang til Nordly i –99, men var uheldig og braut ankelen like før sesongstarten. Svært god til å lesa spelet. ”Mest framgongsrike spelar” i 1994 og Øyvind fekk totalt 142 kampar og scora 29 mål for gultrøyene.

Støle, Helge (f. 1962, frå Uggdal)
Litt hengslete spiss som fekk nokre kampar som innbytar i 1981.

Søreide, Jan (f. 1958, frå Uggdal)
Tre kampar + fleire som innbytar som høgreback er Jan sin fasit på A-laget. Dette var fram til 1980. Var mest å finna på B-laget på slutten av 70-talet. Bur no i USA.

Søreide, Olav Inge (f. 1959, frå Uggdal)
”Olav’en” debuterte i 1980 og fekk med seg 207 kamper og 30 mål før han la støvlane på hylla i 1993. Begynte karriera som back og midtstoppar, noko som resulterte i Årets Spelar tittelen i både ’82 og ’83, men ytra heile tida eit ynskje om å spela på topp og dei siste åra var han å finna i angrepet til Njardar. God i lufta og tacklingsterk. Held seg no til golf på fritida. Arbeidar til dagleg som prod.sjef i Ulstein Frydenbø AS, men er busett i Åsane. Med i ”GKH”!

Søreide, Sigmund (f. 1957, frå Uggdal)
Solid spelar på alle plassar på venstrekanten. Pasningssikker og eit godt skot, førte til 30 mål på 120 kampar. La eigentleg opp i 1983, men gjorde eit kort comeback i -88 med to kampar som innbytar. Driv garden heime.

Teigland, Svein Mikal (f. 1963, frå Nesttun)
Teknisk, god spiss med kjappe replikkar! Med tysnes-anar valde han å spela i Njardar i 1984-85. Litt ut og inn av laget til tider, men scora alltid mål! Gjekk tilbake til moderklubben Smørås, der han var med og førte dei opp i 4.divisjon. Framleis aktiv der, både sportsleg og administrativt. Jobbar i MacGregor i Bergen. Med i ”GKH”!

Thuen, Oddvar (f. 1971, frå Færevåg)
Begynte heller seint å trena med A-laget, i 1995. Fekk sin debut året etter, men har aldri spelt fast. Treningsviljug all-rounder som har fått med seg 28 kampar (1 mål). Trenar for smågutelaget. Jobbar i Tysnes Kraftlag.

Tveit, Arne (f. 1968, frå Strandvik)
Spiss som var med ein sesong i Njardar, då han fekk med seg 5 kampar (1 mål). Spelte bedriftsfotball for Ankeret ute på Haakonsvern.

Utne, Rolf (f. 1961, frå Lunde)
Spiss med svært god spenst og fart. Litt for ustabil til å kapra ein fast plass, og han var med i berre to sesongar (84-85).

Vermedal, Ingebrigt (f. 1962, frå Uggdal)
Spelar som profitterte på sin enorme hurtighet og styrke heilt frå sin pure ungdom, og var innkalt på smågute- og gutekretslags samling. Innehadde stopparposisjon i sine fyrste år på a-laget etter debuten i 1978, før han i fleire sesongar spelte back eller spiss fram mot endt karriere i –93. Nordsjøarbeidaren, kåra til ”mest framgongsrike spelar” i 1987, fekk 214 kampar og fem mål på Njardar. Yngre bror av Per.

Vermedal, Per (f. 1960, frå Uggdal)
Solid stoppar med godt blikk for spelet og susande tacklingar. Var kaptein i fleire år og ein solid støttespelar. Debuterte på a-laget i 1977, men gjekk i tidleg alder til spel i Yngve og Hardy, før han returnerte i begynnelsen på 80-talet. Spelte siste a-lags kampen i 1995 og fekk totalt 220 kampar og seks mål. Bonden i Uggdalsdalen er leiar i Njardar i jubileumsåret.

Vevatne, Jan Arne (f.1956, frå Våge)
Fast på A-laget i tiårs perioden 75-85 med fartstid i Lundegrend før det. Spelte helst defensiv midtbane i byrjinga i karrieren, men var og ein stødig sideback. Var med i styre og stell frå starten av i klubben. Er no prod.sjef ved Toro i Arna, der det og vert bedriftsfotball.

Vik, Arnt Birger (f. 1958, frå Uggdal)
Njardar sin mestscorande spelar gjennom tidende med om lag 120 mål på 250 kampar. Satsa alltid 110% framføre ’kassen’, noko som gav teljande resultater. Greidde alltid å få skrubbsår på knea, sjølv i graskampane på Vassbakken!! Debuterte i –75 og spelte fast på laget til han la støvlane på hylla etter 88-sesongen. Har hatt fleire periodar i styret og er no trenar for aldersbestemt lag. Den tidlegare spissen arbeidar som røyrleggjar. ”Mest framgongsrike spelar” i 1977.

Vik, Einar (f. 1959, frå Uggdal)
Kantspelar som var med dei fem fyrste åra på 80-talet. Spelte ikkje fast på a-laget, men var viktig del av stallen. ”Mest framgongsrike spelar” i 1984. Engasjert i økonominemnda i klubben og var svært delaktig på den sida i klubben. Om lag 30 kampar og eit par nettkjenningar. Yngre bror av Arnt Birger. Jobbar (framleis) hjå Stilas Service og er busett på Nesttun.

Vik, Hallvard (f. 1978, frå Våge)
Fem kampar som innbytar i 1999 på spissen, før befalsutdanninga overtok.

Økland, Jon-Helge (f. 1966, frå Lunde)
Venstre kant spelar med ein kamp i 1984, før skade førte til at han la støvlane på hylla. Representerte smågutekretslaget i 1980. Nordsjøarbeidar.

Økland, Tore (f. 1949, frå Våge)
All-rounder, men mest brukt som sweeper. La opp våren -84 etter 140 kampar og 10 mål for Njardar. Spelte før dette for Lundegrend. Tore var med og stifta Njardar og har sete som kasserar i heile klubben si historie. Har trent alle alderstrinn i klubben, samt jentekretslag til HFK. Ikkje av dei høgaste, men med sin fine ‘timing’ vann han mang ein luftduell. God teknisk. Læraren ved Uggdal skule er nok grunnen til at mange har vorten fotballspelarar i Njardar!!

Østevold, Håkon (f. 1960, frå Bergen)
Spelande trenar for a-laget i tre sesonger (1992-94) og fekk skikkeleg fasong over laget, der to år i kvalik. for opprykk og ein cupfinale vart fasiten. Spelte tidlegare høgreback i Brann jr., Nykrohnborg, Hardy og Åsane. Etter Njardar har han, i tillegg til sin jobb i BKK, vore trenar i Nykrohnborg som han i 1998 førte til opprykk i 2.divisjon. ”Hockey’en” fekk 58 kampar og putta 5 mål for Njardar.

Øvreeide, Ståle (f. 1960, frå Hegglandsdalen)
Ståle var spelande trenar i -85 og -87 med stor suksess. I -85 havna Njardar på 5.plass i dåverande 5.divisjon, og i -87 i 6.divisjon knuste laget alt og alle og opprykket var sikra lenge før sesongen var slutt. Anleggsarbeidaren hadde to fryktinngytande skotbein, noko han viste i ein bortekamp mot Skånevik. Direkte frå avspark klinte han ballen bak keeper og i nota. Ei utruleg scoring av hans totalt 35 puttingar på 30 kampar. Toppscorar begge åra på Tysnes. Har også spelt og vore trenar i Os, Samnanger og Hegglandsdalen.

Aarskog, Reidar (f. 1951, frå Uggdal)
Fysioterapauten, som i ungdomen var keeper på Lundegrend, spelte anten back eller midtbane. Med sin bakgrunn som stavhoppar, var han god å ha i lufta. Trente A-laget saman med Helge Olav Instøy i -84 og -86. Var over 30 før han byrja på Njardars itt A-lag, og fekk med seg 20 kampar (mest som innbytar) og to mål. Fleire tidlegare spelarar trekkjer fram ei hending dei hugsar spesielt. Det var borte mot Bjoa i -84, då Njardar med fåre for nedrykk til 6.divisjon måtte ha poeng, at Reidar i sluttsekunda – med krampe i begge beina – gjekk opp på eit innlegg og stussa inn utlikningsmålet og kontrakten var redda. No tilsett ved Høgskulen i Bergen.

Aarvik, Nils Bjarne (f. 1961, frå Våge)
Gjorde stor suksess då han som 1.års junior gjekk rett inn på a-laget i 1978. Rask og teknisk midtbane/angrepsspelar. Deretter gjekk han til Brann for vidare juniorfotball, så a-lags fotball i bl.a. Årstad, før han var tilbake i den gule Njardar-trøya frå midten av –80 og så vidt innpå 90-talet, totalt 72 kampar og 10 mål. Elektromontøren er busett i Fana. Med i ”GKH”!

Åserød, Leon (f. 1968, frå Lysekloster)
Langhåra forsvarsspelar som prøvde seg i Njardar i 1994 utan å få fast plass, det vart med 4 kampar. Returnerte til Lysekloster, der han i fleire år var ein av drivkreftene. Sjåfør i Bergen.