Tysnes Sparebank Cup

GATECUP FOR VAKSNE

PÅ REISO GRAS OG KUNSTGRAS
4.JULI – 6.JULI 2014

ARR.: NJARDAR/TYSNES
PÅMELDINGSFRIST: 10.06.14

 

GENERELT OM CUPEN:

Njardar/Tysnes inviterer i år til den 18. ”gatecupen” på rad på Reiso gras og kunstgras.

 

Tysnes Sparebank Cup 2014 er for alle f.o.m. 16 år og oppover som har lyst å spela fotball.

Njardar/Tysnes ynskjer på denne måten å aktivisera både fastbuande og ferierande til ei ”uhøgtidleg” og sosial fotballhelg, utan for mykje alvor!

Tilbodet er først og fremst for dei som til vanleg ikkje spelar organisert fotball.

Dersom DU har lyst å spela fotball, få med deg vener/slektningar/naboar og meld ”dåke” på i ein av klassane nedanfor.

 

KLASSEINNDELING:

Klasse 1 – 7’ar fotball

”Lettbeinte menn” – inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

Klasse 2 – 7’ar fotball

”Sårbeinte menn” – ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

Klasse 3 – 7’ar fotball

”Stivbeinte menn” – frå og med 40 år og oppover.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

Klasse 4 – 5’ar fotball

”Lettbeinte damer” – inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.

(1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar)

Klasse 5 – 5’ar fotball

”Sårbeinte damer” – ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg

(1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar)

 

DEFINISJON AV AKTIVE:

Med aktive i klasse 1 meiner me alle spelarar som har spelt seriekampar f.o.m. 5 div. og høgare i 2014.
Med aktive i dei andre klassane meiner me spelarar som har spelt seriekampar i 2014 dvs. alt frå gute-/jente-/juniorspelarar som spelar aldersbestemt fotball t.o.m herrer/damer senior som har spelt seriekampar i 2014. Spelarar f.o.m 40 år og oppover vert ikkje rekna som aktive.

Dei som er aktive i klasse 1 og 4 skal merkast av på lagoppstillinga.

 

NB! Ein spelar kan kun delta på eitt lag.

 

Elles NFF’s vanlege reglar for 7-ar fotball, men keeper får ikkje lov å kasta/sparka ballen over midtbanen når han/ho har ballen i fast grep eller etter «dødball».

 

NB! Hugs leggskinn

–   spelarar som ikkje nyttar leggskinn kan bli vist av banen til dette er retta opp


KAMPAVVIKLING:

Innleiande rundar fredag kveld og laurdag. Sluttspel vert søndag ettermiddag.

Det vert i utgangspunktet 4 lag i puljene og spelt serie i innleiande rundar, dvs. min. 3 kampar på kvart lag. Dei beste laga i kvar klasse går vidare til sluttspelet. Sluttspelet vert arrangert som cup. Ved uavgjort resultat i sluttspelet vert kampane avgjort med straffekonkurranse.

 

SPELETID:

2 X 13 minutt pr. kamp.

Oppmøte med registrering i sekretæriatet min. ein halv time før kampstart.

 

KAMPOPPSETT:

Kampoppsett vert sendt til kvart lag ved kontaktpersonen og kunngjort på www.njardar.no.

NB!! Hugs namn på laget, klasse, adresse, tlf.nr. – epost til kontaktpersonen ved påmelding!

 

DOMMARAR:

Njardar/Tysnes sine medlemer/spelarar/dommarar + innleigde dommarar.

 

JURY:

Det vil verta oppretta ein jury. Evt. protestar må leverast skriftleg til sekretæriatet min. 1 time etter at kampen er ferdig. Protestgebyr kr. 200,- (vert refundert dersom protesten vert teken til følgje).

 

ARRANGØR:

Njardar/Tysnes ved cupnemnda.

Det vert oppretta sekretæriat i klubbhuset med resultatservice.

Kiosk-sal m/kaffi, vafler, pølser, is og brus.

Oppdatering av resultater via ”nettet” på www.njardar.no .

 

PREMIAR:

Premie til dei 4 beste laga i kvar klasse.

Lagpremie og premie til kvar spelar for dei to beste laga i kvar klasse. Lagpremie til tredjeplassane, dvs tapande semifinalister.

Fair Play pris (gjeld felles for alle klassar).

Premieutdeling etter finalane søndag ettermiddag.

NB!!!! Lag som nyttar meir enn 2 aktive i klasse 1 og 4 vert diskvalifisert!!

NB!!!! All bruk av alkohol inne på området er forbode!

Spelarar som nyt alkohol vil bli diskvalifisert!

 

PÅMELDINGSFRIST OG BETALING:

Påmelding til ne.ha@haugnett.no  innan 10.06.14.

 

Påmeldingsavgift: kr. 1.100,- pr. lag i klasse 1-3

kr. 800,- pr. lag i klasse 4-5.

 

Påmeldingsavgifta skal betalast til:

Tysnes Sparebank Cup 2014

v/Tore Økland

5680 Tysnes

Bankkontonr.: 3525.40.49032

 

NB! Påmeldingsavgifta skal vera betalt innan 10.06.14.

PÅMELDINGSSKJEMA TIL TYSNES SPAREBANK CUP 2014:

 

Lagets namn:____________________________________________________

Klasse:_________________________________________________________

Kontaktperson:___________________________________________________

Adresse:________________________________________________________

Tlf.nr./e-mail:____________________________________________________


PULJEINNDELING                                              TYSNES SPAREBANK CUP 2013.

KLASSE 1 – LETTBEINTE MENN

GRUPPE A LAGLEIAR GRUPPE B LAGLEIAR
Noldus IL 1.laget Tommy Hansen Lokomotiv Drange Lars Drange
Zlatan’s artister Magnus G. Bakke Noldus IL A-laget Tommy Hansen
Flamengo Stars Arild Markhus Boca Juniors Tommy Bjørkelund
Hele Verden Ole J. Ådland Kobolt Possession Nils Kaarevik
GRUPPE C LAGLEIAR
Tiki vikings Kristoffer Ersland
Boing Klubben Espen Halhjem
Babe Hunters Henrik Malkenes
FC Gizmo Terje Kaastad

KLASSE 2 – SÅRBEINTE MENN

GRUPPE A LAGLEIAR GRUPPE B LAGLEIAR
Kraftkarane Stig Tveit Ikkje dei yngste (kl.3) Sigmund Søreide
Boca Seniors Tommy Bjørkelund Sivertshåland FC Jan Thore Lippestad
FC Galanten Geir Austvik Red Stars Robert Siglevik
Deafboys 1 Arne Nesse Leftovers Matthias Brandt
GRUPPE C LAGLEIAR GRUPPE D LAGLEIAR
Luton Rednex John Borgen No Hope Gjelland (kl.3) Eivind Berntsen
VSOP Eirik Aasheim Gjersvik IL Pål Irgan
Apply Ole E. Kibsgård FC Dritbra Terje A. Bårdsen
Kristoffer United Kjetil Totland Huglo Cowboys Kristoffer F.Sortland
GRUPPE E LAGLEIAR GRUPPE F LAGLEIAR
Deafboys 2 Arne Nesse UnReal Madrid Sean Murphy
Rosenknopp Alex Lunde TG 16 Torstein F. Lunde
Offsiders Terje Hagen The Stig Øyvind Straumsnes
Blue Oyster Boys Frode Brakedal Dei Krakilske Kosmo-Kosakkene Johan Løve Gjersvik
Bratwurst Unterhacing Sportverein Håvard Malkenes
GRUPPE G LAGLEIAR
Gymmen Stein Erik Olsen
Sjøfararane Odd Magnar Volden
1650 Kleppe Erlend Østerbø
Feige Lag Carsten Simonsen

KLASSE 4 – LETTBEINTE DAMER

GRUPPE A LAGLEIAR GRUPPE B LAGLEIAR
Småfiskane Rebekka Mjønes Lårhønene Marita Lie Nesse
Fotballerinas Stina Hope Gullfisken Britt Lise O. Volden
Råtøsene Marie Mo Snapchatters Ane Vermedal

KLASSE 5 – SÅRBEINTE DAMER

GRUPPE A LAGLEIAR GRUPPE B LAGLEIAR
Smil du er på TV Pernilla Epland Best uten balla Jorunn Dalland
HSD Janne Eikeland FC Hofte Silje Flakke
Nederlaget Terese Økland FBI Sandra Sandvik
Frittgåande mus Arild Markhus Medisinball Hanne Hope

 

Sist oppdatert (laurdag 10. mai 2014 22:39)