Referat frå årsmøte i Njardar/Tysnes

Dato 20.01.2012 19:30-22:00

SAKSLISTE

Val av møteleiar og referent

  • Leiar Tore Økland Tore blei vald til møteleiar
  • Øystein Bakke blei vald til referent
  • Nils Eivind Hansen og Marit Helen Helgesen signerer årsmøtereferatet

Årsmelding

Årsmeldinga blei lest opp av møteleiar og godkjent av årsmøtet. Det kom innspel til mindre justeringar i teksten som blir retta i oppdatert årsmelding.
Leiar sørgjer for at oppdatert årsmelding blir sendt til hovudsponsorar. I tillegg skal årsmelding gjerast tilgjengeleg for alle på nettsidene til Njardar/Tysnes.

Rekneskap 2011

Rekneskapet blei presentert av kasserar Tore Økland. Kunstgrasbanen gjorde at rekneskapet var meir komplisert enn vanleg, men etter litt klargjeringar blei rekneskapet godkjent av årsmøtet.

Budsjett 2012

Årsmøtet gav det nye styret ansvaret for økonomistyring basert på rekneskap for 2011.

Kontingent 2012

Årsmøtet vedtok å auka kontingentar med 100kr. For dei yngste som ikkje deltar i seriespel blir det ikkje auke av kontingent, men i staden blir det ikkje delt ut ball. Hovudargument for å auka kontingenten var auka kostnadar til vedlikehald av ny kunstgrasbane.

Kontingent 2012:

– Tilogmed10år   Kr. 300,-
– 11og12år          Kr. 400,-
– 13-16år             Kr. 500,-
– Student             Kr. 500,-
– over 16 år         Kr. 700,-

Val

Årsmøtet følgde valkomiteen si innstilling til nytt styre:
– Leiar                  Helge Hauge (vald for 2 år)
– Nestleiar            Bjørn Kongsvik (vald for 1 år)
– Styremedlem     Øystein Bakke (1 år igjen)
– Styremedlem     Mariann Ebbesvik (1 år igjen)
– Styremedlem     Kirsti Sundal (vald for 2 år)
– Vara                   Inge Malkenes (vald for 1 år)
– Vara                   Beate Storesætre (vald for 1 år)

Valnemnd 2012 blei vald av årsmøtet:
– Karoline Dalen
– Nils Eivind Hansen

Revisor 2012:
– Nils Eivind Hansen

Eventuelt
– Bjørn Kongsvik informerte om status og plan vidare for kunstgrasbanen
– Per Vermedal viste bildepresentasjon frå bygginga av banen