ÅRSMELDING FOR NJARDAR/TYSNES 2011

Styret i klubben har hatt følgjande samansetjing:

Leiar:
Nestleiar:
Skrivar:
Styremedlem:
Styremedlem:
Varamedlem:
Varamedlem:

T ore Økland+ han har vore kasserar
Bjørn Kongsvik
Øystein Bakke
Mariann Ebbesvik
Inge Malkenes
Jurgita Bubilaite
Beate Storesætre

Revisor:
Valnemnd:

Nils Eivind Hansen
Anfinn Kleppe og Karoline Dalen

Styremøte

Det har vore 11 styremøte. Ein kom seint i gong med arbeidet i styret pga at ein ikkje fekk leiar. Per Vermedal hjelpte til som sportsleg leiar til sesongen var i gong.Det har vore svært mykje å ta tak i så dei fleste møte vart arbeidsmøte. Kunstgrasbanen har gått igjen på alle møta, grasbanen hadde isbrann, klubbhuset hadde frostskadar og fleire lag mangla trenar eller oppmann og 3 sentrale personar hamna etter kvart på sjukehus. I tillegg samarbeidde ein med Uggdal Idrettslag om sandvolleyballbane. Her skaffa Brønnøysundregistrene og Statens Kartverk oss så mykje arbeid at me ikkje kom heilt i mål i denne perioden. Brukarnamn og passord og ulike nettsider skaffa oss også ein del arbeid.

Me oppretta eit sportsleg utval der mange var med og Øystein Bakke trekte i trådane. Det arbeidet som der er gjort kjem oss til nytte no når kunstgrasbanen er komen på plass.

Økonomi

Klubben har ein sunn og god økonomi. Eigenkapitalen har minka berre med 62000kr dette året. Viktige sponsorar har vore Tysnes Sparebank og Tysnes Kraftlag. Begge desse avtalane gjekk ut i 2011. Me har forhandla ein svært god 5års-savtale med Tysnes Sparebank, og er i forhandlingar med Tysnes Kraftlag om ny avtale.

Nye stadionskilt er: Tysnes Bilsenter og Heis-Tek. Dei andre skiltavtalane går ut i år og må fornyast.
Grasrotandelen, Njardarbasaren, Tysnes Sparebank Cup har ellers vore dei største inntektskjeldene saman med medlemspengar på driftsida.

Kunstgrasbanen

Banenemnda har i 2011 hatt 5 møter.
I første halvdel av året vart det jobba med søknader om støtte til bygging av banen. Klubben har motteke støtte frå Lerøy Vest, Alsaker Fjordbruk og Trond Mohn på til saman 1 million, Tysnes Kraftlag 1 million. I tillegg kjem Tysnes kommune sin andel på inntil 1 million kroner og Tysnes Sparebank på driftsida. Tysnes Kraftlag hjelpte til på alle måtar: innkjøp, mannskap og utstyr så her fekk me verkeleg noko att. I tillegg presenterte dei kunstgrasbaneprosjektet flott i hefte: Kraftlaget og Tysnessamfunnet. Bygging av banen kom i gang i juli og stod ferdig til bruk i november.

Banenemnda har på møta diskutert og løyst utfordringar som har vore undervegs.

Fundament for lysmastene, oppsetting av gjerde, bruer over open grøft/bekk og montering av mål har vore utført på dugnad. Ein del oppryddingsarbeid rundt sjølve anlegget igjenstår og ligg inne i anbodet frå entreprenør. I tillegg må det påreknast meir dugnadsarbeid.

Det er planlagt eit kombinert bygg for redskap, fotballutstyr og kiosk ved banen. Under byggjeprosessen var det møte kvar veke i byggjenemnda og Bjørn Kongsvik var på desse, nærmare 20 møter totalt.22.11 var det overlevering med snittar og song. Me svevde.

Drauman var blitt røyndom på rekordtid pga svært gode medspelarar, Mange av drivkreftene i Njardar/Tysnes var med alt i Norway Cup i 1974 same året som Njardar/Tysnes vart stifta då som Njardar IL.

Historie

Til 25års-jubileet til Njardar/Tysnes utarbeidde Gunnar Hansen eit hefte over A-laget si soge. I 2014 må me greia å få ut ei bok om Njardar/Tysnes sin historie. Plass i arkivet til bladet Tysnes er alt tinga. Norway Cup var viktig for å skapa samhald og Njardar/Tysnes var ein pådrivar for jentefotballen. Njardar IL sitt jentelag var første krinsmeisteren i Sunnhordland.

Norway Cup

Det var 20. gongen Njardar/Tysnes deltok i Norway Cup med 3 lag. Ein kom litt seint i gong med påmelding og innbetaling. Beate Storesætre vart ”hyrt” inn som bussjåfør og då Helge Hauge fekk låna ”himmelseng,” løyste det seg på ein god måte. Då kunne Helge vera hovedleiar, noko han hadde vore mange gonger før.

22.juli small det i Oslo og på Utøya.Ein journalist ringde frå bladet Sunnhordland og lurte på om Njardar/Tysnes kom til å trekkja seg. ”Me stiller.Me veit kva Norway Cup står for og det er viktig for oss at me stiller, ”var svaret han fekk. Sørgjeband vart kjøpt inn og for første gong i Njardar/Tysnes sin historie er 3 lag avfotograferte med svarte band i Norway Cup.

Alle låg på same skule og det skapte eit flott fellesskap. Å ha ein buss med er alltid ein fordel og særleg om sjåføren har godt humør. Det har ho når bussprinsen er med. Sportsleg imponerte gutane som kom til 8 delsfinalen. Skader øydela ein del for dei andre laga som ikkje kom så langt.

På utstyrsida mangla det ein del denne gongen så det er viktig å koma tidlegare i gong med planlegginga neste gong ein skal reisa.

Grasbanen

Isbrann gjorde det vanskeleg å bruka grasbanen. Ein våt, kald vår gjorde det vanskeleg å avvikla kampar i periodar. Både ekstra såing og gjødsling vart prøvd og utstyr vart kjøpt inn for å lufta banen. Dette redda Tysnes Sparebank Cup.
Per Vermedal har stått for gjødsling og kalking av banen medan Nils Eivind har slått banen. Bjørn Kongsvik og Robert Støle har lufta han.

Klubbhus

Frostskadar førte til at den eine dusjen laut renoverast for 67000kr. Her fekk ein att 52000kr.

Brødrene Økland rydda, panta og køyrde boss i Eredalen. Då leiaren kom på sjukehus sette Karsten Ø. i gong med å høgtrykkspyla, mala og renska rennene på klubbhuset og ymse anna vedlikehald vart gjort så då Ninni Alice Botnen Nesbø hadde salsutstilling i sommar, opplevde ho det som den ryddigaste gongen ho har leigt huset siste åra.

I haust har ein leigd inn vaskehjelp slik at ein tok betre vare på huset. Huset har vore leigd ut 5 gonger.

Tysnes Sparebank Cup

Av arrangementa som har vore er det Tysnes Sparebank Cup som gjev mest klingande mynt i kassa. Cupen vart avvikla første helga i juli med 43 herrelag og 23 damelag. Vassbakken vart nytta om fredagen for å kunna avvikla alle kampane. Ei rutinert cupnemnd rodde arrangementet fint i land. Stemningen var god både på og utanfor banen og ikkje minst på grusbanen der mange overnatta. Ein mobil toalettkontainer gjorde nattelivet enklare for skulen.

Oppryddinga i skulen, plassen og klubbhuset var prima. Ein slit med ein del som ikkje møter når ein ha dugnad gjort, men dei fleste gjer meir enn det ein kan forventa. Speaker søndag var: Helge Hauge. Allereide helga etter Tysnesfest kom første førespurnaden om kva tid neste års cup skulle vera. I BT kunne ein lesa om ei jente som hadde Tysnes Sparebank Cup som den beste sommaropplevinga.

Tysnes Kraftlags Romjulscup

For 7. året på rad vart denne avvikla, på ein dag denne gongen. Politikarane og bladet Tysnes drog Cupen i gong. Stor stemning og det vart omsett for 11000kr i kiosken. Diverre er det ikkje så mange lag som før. Det vil verta eit sakn om denne cupen forsvinn. Det er ein fin samlingsplass i romjula.

Dugnad

Me hadde 10 som var vakter på Tysnesfest og målet for 2012 er å få betre kontroll på medlemslister og at alle er med på minst ein dugnad. Me har slite med basaren siste åra og vonar me kan få fleire på dugnad på Tysnesfest i staden.

Dommarar

Ronny Bakkane og Åge Bakke har dømt før oss i år. Men me har fått 1000kr i bot for ikkje å ha nok dommarar.

Njardarbasaren-Kiosk

Dei kvinnelege i styret har styrt basar og kiosk på ein framifrå måte der Mariann Ebbesvik har stått for kontuiteten.

Nettside

Nettsida Njardar.no har ikkje hatt så stor aktivitet. Me satsar på å få litt proff hjelp til å oppgradera sida, spesielt viktig at sponsorane våre blir profilert. I tillegg må trenarar/oppmenn ta ansvar og bidra med referat.

Månadens blom

3 i Njardar har fått Månadens blom av bladet Tysnes i 2011: Helge Hauge, Mariann Ebbesvik og Bjørn Kongsvik. Mange andre fortener blomar. Ingen nemnd, ingen gløymt.

Hjartestartar

Haustens sjokk førde til at saka kom opp i styret. Idrettsrådet tok grep og vips kom fleire bedrifter på banen. Tiko vil overlevera hjartestartaren på Fotballens Dag 25.mars då banen offisielt vert opna.

Representasjon

Leiaren var på 50års jubileet til Onarheim IL og på 75års markeringa for bygginga av Håkonshallen.

Framtid

Alle kan gjera litt, mange gjer mykje. Me må få tid til å kvila oss innimellom. No må me ta vare på verdiane som er skapte og bruka dei til beste for Tysnessamfunnet. Sats på fair play. Kroppen må brukast skal han ikkje forfalla. Du får ikkje kjøpt kondisjon på Spar eller Rimi. Ein ekte venn er betre enn ein facebook venn.

Gjerstad 20.01.12 Tore Økland Leiar/kasserar

Generelt om sportslig aktivitet – Sportslig utval

Det har vore bra sportslig aktivitet i klubben i 2011. Me har hatt 9 lag med i seriespel i tillegg til deltaking i Norway Cup og diverse cupar. Dessverre har me mangla trenar til jente- og damelaget. I tillegg var det ein del styr med gutelaget i år.
Det blei holdt 3 trenar/oppmansmøter og 4 møter i sportslig utval.

2011 har vore eit overgangsår sidan frontfigur gjennom mange år, Per Vermedal, takka for seg. Han bidreg fortsatt gjennom fleire verv i Njardar, men slutta som sportslig leiar i mai etter ein overlappingsperiode frå februar. I mangel på erstattar danna nykommar i Njardar-styret, Øystein Bakke, eit sportslig utval for å ta seg av det sportslige. Utvalet består av:

  • Øystein Bakke – leiar
  • Geir Austvik
  • Ronny Hagen
  • Marit Helen Helgesen
  • Børge Pedersen

Med ny kunstgrasbane på plass har me ein gyllen sjanse til å gje Njardar/Tysnes eit løft også sportslig sett. Viktige satsingsområde for sportslig utval i 2012 for å bidra til dette:

  • Sportsplan!
  • Kursing/opplæring/samkjøring av trenarar. Geir Austvik har starta som
    trenarkoordinator i 2012 og vil ha ekstratreningar fordelt på dei ulike laga i helgene. I tillegg til komprimerte kurs/trenarmøter med Geir bør me òg kursa nokre trenarar gjennom NFF sitt program.
  • Utstyr. Til seriestart må me ha på plass eit opplegg som sikrar trenarane det utstyret dei treng og som gjer det enklare å holda kontroll på utstyret. For å få dette til treng me ein materialforvaltar!
  • Hovedtrenarane er på plass for alle lag, men me treng fleire hjelpetrenarar og oppmenn for fleire av laga, inkludert A-laget.
  • Samkjøre oss med Idrettslaget

Øystein

Fotballens Dag

Fotballens Dag vart arranger 3.april på ein brun grasbane. Den fyste timen var det dei yngste som var i aksjon (J/G 2001-2005) med 4 kampar samtidig. Utover dagen blei det spelt 5 kampar til med gutelaget mot smågutelaget som avslutningskamp.

Fotballskule/treningssamling J/G13 (1998)

Fem spelarar blei sendt på fotballskule i år. Johannes Haugsgjerd, Arild Flornes, Kai Roald Bergesen, David Storetvedt Jordal og Ina Borlaug. Keeper Ina Borlaug (1998) kom vidare frå sonesamling og er tatt ut til kretssamlingar i vinter.

TINE Fotballskule 20-22.juni

Fotballskulen gjekk over 3 ettermiddagar med ca 35 ungar påmeldte, som vart delt inn i dei ulike årsklassane.
Geir Austvik hadde nokre ark med diverse enkle øvingar, som hjelpte kvar enkelt instruktør til å koma i gong, ellers vart det improvisert litt rundt øvingar.

A-laget og Damelaget pluss foreldre stillte som instruktørar og hjelp på kjøkkenet. Kvar dag har pause med frukt og tineprodukt, samt at kvar spelar fekk sekk og diplom siste dagen.

Ronny

Minimerker

På hausten kom me litt seint i gang med merketrening, men 8 spelarar (J/G2001 og G2000) tok minimerke raudt og 11 (G2004-2005) tok minimerke blått.

ÅRSMELDING FOR KVAR KLASSE

A-laget 2011

Trenar: Kjartan Hagen
Oppmann: Kjartan Hagen

2011 har vore ein ok sesong, med ein del sigrar både på heime og bortebane, og me hamna ca midt på tabellen.

Me har hatt det gøy på trening, sjølv om treningsframmøte nok kunne vore betre.

Allerede frå starten av haustsesongen minka det som vanlig på spelarar, men flott innsats frå gutespelarane som vart henta opp gjorde at haustsesongen alt i alt vart positiv.

I tillegg fekk eit par “gamle stjerner” presentert seg i år og:-)

Når no den nye kunstgrasbana er på plass, er det berre å håpa på at så mangen så muleg fortset, og nokon nye kjem til. Hovudmålet for 2012 vert å samle mange nok som er interessert, slik at vi får stabla eit a-lag på beina også i år.

Årets spelar: Kjartan Hagen
Årets mest framgongsrike spelar: Endre Vermedal Årets toppscorar: Remi Khaldi og Eivind Skorpen

Kjartan

Damelaget 2011

Damelaget i år starta opp med søndags treningar i hallen i vinter. Det var Marit H og Kari som var ivrige etter å komma i gang, og etterkvart vart me ein god gjeng. Trenarspørsmålet dukka jo selvfølgelig opp, og etter fleire spelarmøter blei konklusjonen at jentelaget og damelaget skulle trena saman. Men noko trenar dukka ikkje opp, og me styrte treningane sjøl. På det meste var me 16 – 18 stk på trening. Dette avtok litt, då me etter påske begynte å trena ute på Reiso-grusen. Første seriekamp nærmar seg, og nye spelarmøter!! Fortsatt ingen trenar som har meldt si interesse, men me blir enige om å prøva å gjennomføra sesongen ved å ta kollektivt ansvar for trening og kamp.

Første kamp var mot Fitjar, 30.april. Det enda med seier 5-2, og trua på at dette kunne bli ein bra sesong, var absolutt tilstede. Vårsesongen vart avvikla med Marit H som lagleiar og oppmann.
Status til ferien: 3 seirar, 1 uavgjort og 2 tap + 1 utsatt kamp (mot Krabbetor) Haustsesongen skulle opna med kamp mot Fitjar, men etter mykje om og men, fekk me melding om at dei trekte laget sitt. Dermed vart den utsatte kampen mot Krabbetor haustens første. Det var ein jevn kamp, der me tilslutt tapte 4 -7. Malin overtok oppmanns-jobben etter Marit H, og fekk eindel å jobbe med. Masse kampflytting og litt jobb med å få tak i nok spelarar til kamp. Me prøvde å få til trening ein gong i veka, men med 4-6 spelarar som stillte opp, var det tilslutt ingen vits i å prøva. Målet vart derfor berre å få gjennomført alle kampane. Dette gjekk greit. Med god hjelp av jentelaget, fekk me fullført sesongens kampar. Ein kamp vart likevel ikkje spelt. Dette var ein utsatt kamp mot Åsane, der Åsane ikkje klarte å finne ein dag å reisa til Tysnes!! Dermed vart det “walk-over” for oss. Ein fin blanding av ung entusiasme og god gammel rutine, gav oss tilslutt 2.plass på tabellen.
Status ved sesongslutt: 6 seirar (7 med Fitjar-kampen) 2 uavgjorte og 4 tap, Tot 20 poeng og 21 plussmål.
I alt har 18 spelarar vore innom laget
Toppscorar: Renathe Hagen med 30 mål
Årets spelar: Kirsti Sundal
Mest framgongsrike spelar: Veronica Skaten
Trenar ?
Lagleiar: Marit H Helgesen
Oppmann: Marit H Helgesen og Malin Kongsvik

Marit

Gutelaget G16 (1995-1996)

Trenarar: Raymond Epland og Endre Vermedal Oppmann: Øystein Utne / Raymond Epland

To unge trenarar har styrt årets gutelag. Dei har gjort ein god jobb, men sesongen har vist at det er visse utfordringar med så liten aldersforskjell mellom trenarar og spelarar.

Årets spelar: Aksel Lande
Årets mest framgongsrike spelar: Rolf Elling Utne Årets toppscorar: Alexander Instøy

Jentelaget J16 (1995-1996)

Trenar …
Oppmann: Beate Storesætre

Sesongen 2011 vart eit litt rotete år for jentelaget. Dei byrja med Helge Olav Instøy som trenar, og Beate Storesætre som oppmann. Dei kom godt i gong med sesongen, og vann alle kampane, unntatt mot Halsnøy i vårsesongen.
Før neste siste kampen i vårsesongen, måtte Helge Olav takka for seg pga. ein kneoperasjon m.m., så då sto dei utan trenar igjen.
Trasige greier, siden laget skulle til Norway Cup også, men der borte steppa Helge Hauge og Magne Storesætre inn og gjorde ein god jobb som lagleiarar. Berre marginar gjorde at dei ikkje gjekk vidare til sluttspelet i NC, der dei gjekk på to knepne tap,og spelte ein uavgjort.
Det løyste seg heller ikkje med trenar i haustsesongen, så oppmann prøvde å gjera så godt ho kunne, med god hjelp av fleire foreldre. Men spelemessig gjekk det ikkje så verst, det vart kun tap mot Halsnøy på heimebane då også, ellers vann dei de andre kampane i serien, så det var jo imponerande, når ein tenkjer på at de ikkje hadde trenar.
Dei fleste jentene har riktignok trent ein del med damelaget, så takk til dei, som har teke seg av de 🙂 Ein del av dei har også spelt ein god del kampar med damelaget, så det har jo også hjelpt på.
Håpar jentene no tar steget opp på damelaget, for dette er ein flott gjeng med mange gode fotballjenter.

Dei som har vore med i sesongen 2011 er:
Ina Borlaug,Michelle Borgen,Monica Borgen,Helene Bakke,Alexandra Fenne,Hanne Storesætre,Helena Storesætre,Ida Kristine Kleppe,Renathe Hagen Lunde,Heidi Hjelland og Henriette Vevatne Lunde.

Beate

Smågutelaget G13-7ar og G14 (1997-1998)

Oppmann: Fredrik Haugsgjerd
Trenere: Ole K.Kjerrgård,Bjørn I.Leite og Per Vermedal

Smågutar 97 og 98 har trent sammen i 2011. Alle 97 og de ivrigaste 98 spillte 11er i den eldste klassen og resten av 98 spilte 7er i de yngste klassen. Lagene startet med to treninger inne i Tysneshallen.Etter vinterferien trente de ute på Reiso.Variabel treningsinnsats gjorde til at en ikke kunne regne med noen stor sesong.11er laget hadde mange tap på vårsesongen, dårlig holdning hos enkelte(som etterhvert sluttet) og problem å få nok spillere. Høstsesongen gikk litt bedre, da en trente godt før Norway Cup +3kamper der. Spilte noen 7er kamper med gode resultat. Treningsmengde/innsats må opp mange hakk.

7er laget var i en trippel serie med lag fra Vaksdal, Ulvik og Eidfjord. Laget endet på tredjeplass.
11er laget var til Norway Cup.
Årets toppscorer: Arild Ebbesvik

Årets fremgangsrike: Lars Even Stue Årets spiller : Marcus F.Kjerrgård

Per

Lillegutar 12 (1999)

Oppkvinne. Mariann Ebbesvik
Trenar: Helge Hauge med hjelp av Mariann, Kjetil og Jørgen

Treninga kom i gong for fullt først etter Fotballens dag. Laget hadde ei trening i veka der frammøtet jamt over var svært godt. Det var sjeldan nokon var borte frå trening utan at trenaren fekk beskjed. Ein del av spelarane var litt umodne, og det kunne gå ut over kvaliteten på treningane. Det meste av sesongen deltok 15 spelarar på laget.

Det er eit problem at det berre er ein trenar på så mange spelarar, og det går særleg ut over målmennene som får lite spesialtrening.

Laget deltok i serien der dei spelte mot lag frå Os og Fusa. Kampane gjekk etter planen med unnatak av kampane mot dei to Fusalaga som ikkje møtte til Njardar sine heimekampar. Laget tapte fleire kampar enn dei vann, men det var berre i utekampen mot Søfteland at laget vart overkøyrt.

G 12 deltok i Husnes-cup der det gjekk bra. Eitt tap, to uavgjort og to sigrar var laget fornøgd med. Husnes-cup er ei grei turnering der spelarane også opplever å overnatta i klasserom.

Det var 15 spelarar på laget, men likevel vil ein ikkje rå til at laget spelar 11-fotball sesongen 2012. Laget er ikkje jamt nok til det. Dessutan er ein del av spelarane ukonsentrerte både under trening og kamp. Treningsdosen må aukast monaleg i 2012.

Helge

Lillejenter J12 (1999)

Årets sesong for J-99 starta i begynnelsen av mars. Laget vart påmeldt i BKK-Cup i Sandviken, og undertegna fekk ein litt vanskelig jobb med å få tak i nok spelarar. Midt i håndballsesongen, var det ikkje så lett å få dei over i fotball-modus! Det hadde vore ønskelig med 4 – 6 treningar før cupen, men me fekk vel til 2 inne i hallen. Me reiste på cup og spelte 3 kampar. Jentene klarte seg bra, men det blei tre knepne tap. Me fortsatte med litt trening i hallen, før me begynte med utetrening på grusbanen på Reiso. Seinare fekk me trena på gras, der også første seriekamp vart spelt 24.april. Pulja til jentene besto av 8 lag, og kun to av dei var bergenslag, resten var lokalisert rundt Os – heilt perfekt!
Det har vore 14 spelarar innom laget. Ei har meldt flytting til Kvinnherad, to har slutta etter ferien, elles har det vore ein stabil gjeng. Men stamma har bestått av kun 8 spelarar, og det har vore litt lite. Haustsesongen vart gjennomført med forsterking av ein -98 spelar og lån av ein -01 spelar. Laget elles har bestått av 6 stk -99 og 4 stk – 00 årganger (hausten var det kun 4 frå -99 igjen)
Sportslig sett er dette et lag med potensiale. Fleire kan bli gode, og ein del av dei viser fin teknikk. Men det blir for lite med ei trening i veka, og når heller ikkje alle stiller på den, blir samspelet dårlig. Det vart likevel nokre gode treningsøkter der dei spelte mot eller saman med G-00.
J-99 spelte 14 kampar. Dei vann 5, spelte 2 uavgjorte og tapte 7 kampar
Trenar : Marit H Helgesen
Oppmann: Hilde Hagen

Marit

Lillegutar G11 (2000)

Oppmann: Ingrid Storetvedt
Reservetrener/lagleder/dommer: Kjetil Støle og Audun Aarbakke Trener: Børge Pedersen

Det har vært 11 gutter og 2 jenter med på laget i år. (2 stk. f. 2001)
2 nye spillere med denne sesongen. Sjurd S. Håvik og Sindre H. Sjøbø

Treningstid på Reiso tirsdager fra kl 18-1930
Første trening begynte uken etter Fotballens dag.
Siste trening uken etter høstferien (kombinert med håndball trening).
2 treninger i oktober ble gjennomført i Tysneshallen pga dårlig vær og dårlig gressbane.
Siste kamp spilt 20. oktober. (Dette var en utsatt kamp fra tidligere, ellers ville serien vært ferdig til høstferien)
Ferier og treningsfri fulgte skolekalenderen.

Laget har deltatt på Puttefestivalen (Stord) og på Bjørnefjord Cup (Os).

I tillegg har de spilt miniserie i Os kretsen, med en kamp i uken (kampdager torsdager og noen onsdager)

Laget har hatt store tap mot en del lag som har vært MYE bedre enn oss, men vi har også vunnet en kamp og spilt en kamp uavgjort.

Både barna, trenere og foreldre for denne gruppen er svært velvillige, positive og fleksible.
Det er godt samhold, humør og spilleglede i laget, selv om de sportslige resultatene har uteblitt.

Børge

Minigutar G10 (G2001/2002)

Trenar: Kari Lande

Gruppa består av 10 gutar. 7 gutar fødd 2001 og 3 gutar fødd 2002. Me har hatt trening måndagar 17-18. I tillegg trente me torsdagar i 2-3 veker etter sommarferien, for å få eit betre grunnlag før cup. Me trente frå Fotballens Dag og ut oktober.
Me har vore med på 2 cupar, Bjørnefjorden Cup på Os og Puttefestivalen på Stord. Begge cupane var veldig kjekke og lærerike. Det vart mange tap, men spelarane heva seg for kvar kamp. Dei har lite kamptrening sidan me ikkje er i serie enno. Dei eldste bør i alle fall få seriekampar neste sesong.

Kari

Minijenter J10 (2001/2002)

Trenarar: Terje Hagen og Mailinn Helland

Jenter 2001\2002 var påmeldt i ein uhøytidlig serie med lag fra Bergen/ Austevoll. Kamper skulle avtales mellom lagene og hadde ingenting med Norges fotballforbund. Avtalte derfor tidlig med lag fra Austevoll at dette var for langt vekke, og konsentrerte oss om de lagene som låg nærmest. På grunn av min jobb offshore og en del vekke, ble det bare en bortekamp dette året. Mens vi spilte 3 hjemmekamper. Satser på flere kamper neste år.

Trening har vi gjennomført en dag i uken, fra april til oktober.
På kamper har vi vært en god del jenter. Ca 8-9 stk. På trening har vi vært gjevnt over noen færre. Ser at dersom vi skal melde på lag i serie i regi av fotball-forbundet er vi totalt avhengig av at alle jenter fortsetter, og at noen nye kommer til. Det må også legges til at det har vært en jente som er født i 2003 med på laget.
Ut fra når vi startet treningen så har det vært en jevn stigning på ferdigheter, og håper dette bare fortsetter i 2012.
På høsten 2011 tok jentene ferdighetsmerke. Noen hadde fra 2010.

Terje

Minigutar G7 og G8 (2003-2004)

Trenarar: Øystein Bakke, Bengt Lunde og Bjørn Inge Leite m.fl.

Me starta med trening etter fotballens dag i april og hadde felles treningstid (onsdagar 17:30-18:30) med førskule-gjengen (og jenter 9-10 år på våren). G7-8 var stort sett 8-12 stykker på trening og trente mest for seg sjølv. Men det er heilt klart ein fordel å samle fleire lag på same treningstid. Nåken gonger lånte me treningshjelp frå førskulegjengen og andre gonger blei dei eldre jentene med oss og spelte. Me trente fram til haustferien då håndballen overtok.

G8 deltok på Bjørnefjorden cup i juni der dei spelte fire kampar og vant ein. Til Puttefestivalen på Stord i august stilte me med lag for både G7 og G8. G8 hadde ingen innbyttarar og fekk det tøft spesielt mot Stord. G7 hadde ein innbyttar og fekk med seg ein seier. Uansett resultat var begge cupane positive opplevingar for både ungar og voksne.

Øystein

Minigutar G6 (2005)

Trenarar: Ronny Hagen og Marita Lie Nesse

Laget starta treninga i slutten av april. Då var det stort sett gutar frå 2005, og 2-3 jenter frå 2004- kullet.
Me hadde ei trening i veka fram til haustferien. Utover haustsesongen gav jentene seg og me var stort sett ei gruppe på 7-8 spelarar. Det har vore ein svært treningsvillig og kjekk gjeng, som viste stor utvikling. Me satsar på at fleire kjem til og at det gjerne blir nokre cupar utover året.

Marita