Søknad om politiattest
Slik gjer du:
- Last ned søknadsskjema:
http://www.nif.idrett.no/files/{86E830BC-9991-4C84-B735-D12A18AAF40B}.pdf - Skriv ut skjemaet og fyll ut felt A.
- Lever søknaden til sportsleg leiar.
Du kan også scanna inn søknaden og senda den som vedlegg på e-post til per.vermedal@haugnett.no - Klubben sender søknadene samla vidare til politiet.
- Politiet sender attesten som ordinær post til den som søknaden gjeld for. Den vert IKKJE sendt til idrettslaget.
- Den som søknaden gjeld for, skal framvisa sin politiattest til idrettslaget. Det kjem nærare informasjon om tidspunkt og stad for dette.
Njardar/Tysnes skal ikkje lagra attesten, men kun få den framvist til gjennomsyn.
Personar som ikkje har framvist politiattest utan merknad, kan ikke setjast til oppgåver som medfører eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Norges Idrettsforbund har kome med pålegg om at inntil ein gitt lagleiar/trenar har fått politiattest, må han ha med seg ein annan vaksenperson på trening.